Hopp til innhold

Nye helsekrav gir meir byråkrati

Samstundes som helsepolitikarane krev pasientgarantiar som gir byråkrati, skuldar dei sjukehusa for å vere overbyråkratiserte.

Hans Johan Breidablik

BYRÅKRATI: Nye krav og garantiar gjer at sjukehusa ser seg nøydde til å tilsetje ekstra personar for å handtere administrativt arbeid, fortel Hans Johan Breidablik.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Helsepolitikarane krev nemleg stadig nye kontrollrutinar, pasientrettar og behandlingsgarantiar, og krev at sjukehusa skal rapportere på dette.

Jan Grund

PROFESSOR: Jan Grund.

Foto: Handelshøgskolen BI

– Det er diverre eit paradoks at når ein vil nå bestemte ting, og passer på å nå desse, så innfører ein ei rekkje administrative rutinar som faktisk medførar byråkratisering, seier professor i helseleiing, Jan Grund.

«Bok» etter tilsyn

Dette syner støttar også fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik. For hans del tek kontroll og rapportering ein stadig større del av kvardagen.

– Dette er berre kva vi måtte utarbeide av retningsliner i samband med tilsyn frå Datatilsynet, seier han og blar igjennom ein stor bunke med papir.

– Det er jo ei heil bok. Det er enormt. Og dette er berre eitt av mange tilsyn som vi har, legg han til.

Må tilsetje

I juni fjor lanserte statsminister Jens Stoltenberg garanti til kreftbehandling under 20 dagar etter tilvising.

Ein av mange behandlingsgarantiar som automatisk skaper meir helsebyråkrati, seier Breidablik.

– Der har vi måtte tilsette ein person for å administrere den ordninga. Vi er usikre på om det er nok med ein person, seier han.

Retta kritikk

Høgre sin fremste helsepolitikar Bent Høie meinte i fjor sommar at statsministeren sin 20-dagarsfrist ikkje var godt nok.

Bent Høie

KRITISK: Bent Høie (H).

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tre veker før Høie kunngjorde sin ambisiøse kreftgaranti, som ville kravd mykje sjukehusadministrasjon for å innfri, kritiserte han dei same sjukehusa for å vere overbyråkratiserte.

– Eg forstår at folk stussar, men vi meiner at det å setje strengare krav til kvalitet og betre rettar til pasient og betre pasientflyt i sjukehusa, ikkje treng føre til meir byråkrati. Det handlar om å organisere arbeidet på ein betre måte.

Kraftig vekst

Dei siste åra har det blitt stadig fleire sjefar, kontorfolk og administrativt tilsette ved sjukehusa, også i Sogn og Fjordane. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at desse yrkesgruppene veks meir enn kva talet på legar aukar.

Fagdirektør Hans Johan Breidablik meiner at spesielt dei mindre helseføretaka, som Helse Førde, lir stadig tøffare rapporteringskrav.

– Eg trur at mange av desse sidene er ein naudsynt del av den moderne medisinen. Men det har kostnader. Det fører til at særleg i dei små føretaka at stadig større del blir oppteken med det som ikkje er kjerneoppgåvene – nemleg pasientbehandlinga, seier han.