Av: Arne Eithun,
Kommunikasjonssjef i Helse Førde
Leiarar i statlege verksemder har ansvar for at kommunikasjon og informasjon blir brukt på ein profesjonell, økonomisk og etisk forsvarleg måte både internt og eksternt. Leiarane skal sikre at kommunikasjonspolitikken er godt kjent og blir etterlevd i verksemda.
Utdraget er henta frå den siste reviderte utgåva av «Statens kommunikasjonspolitikk», utgjeven av Fornyings- og administrasjonsdepartementet i 2009. Gjennom Helse Førde sin «Kommunikasjonsstrategi» og «Retningslinjer for kontakt med media» følgjer vi opp dei pålegg som ligg i føringane frå styresmaktene.
Utarbeidinga av retningslinjene i Helse Førde har skjedd i samarbeid mellom leiinga og dei tillitsvalde, også i revideringa av dokumentet. Bakgrunnen for retningslinjene var eit ønskje frå tilsette om å få retningslinjer for korleis dei skulle handtere media.
Likevel opplever ein ulike saker i media, der det blir hevda at tilsette har fått munnkorg eller er redde for å uttale seg. Helse Førde ønskjer at tilsette i tråd med retningslinjene skal delta aktivt internt og aktivt i samfunnsdebatten. Men det er rett at medieretningslinjene peikar på forhold som likevel kan avgrense ytringsfridomen, det gjeld både omsynet til helselovgjevinga og lojalitetsplikta som arbeidstakar har til arbeidsgjevar. Her følgjer føretaket blant anna prinsippa i dokumentet «Etiske retningslinjer for statstenesta», og under avsnittet som omhandlar ytringsfridomen heiter det:
Arbeidsgjevaren skal leggje til rette for ein kultur på arbeidsplassen som sikrar at relevant informasjon – irekna kritiske ytringar – når fram til relevant internt nivå, og som sikrar brei aksept for at tilsette deltek i den offentlege debatten innanfor rammene av eit romsleg lojalitetsomgrep. Innskrenking i ytringsfridomen må grunngjevast særskilt. Arbeidstakars lojalitetsplikt overfor verksemda kan vere ei slik særskilt grunngjeving.
Helse Førde har altså ikkje nedfelt retningslinjer som er særskilte for vårt føretak, og tilbakemeldingar frå tillitsvalde har vore at dokumentet er eit godt reiskap i kontakten med media. Føretaket kan ikkje gå inn i enkeltsaker, og det vil til tider vere ulike oppfatningar av kva ein kan uttale seg om til media. Men som arbeidsgjevar bør vi ta opp tilhøve med tilsette dersom det oppstår brot på dei pliktene/lovverk som er gjeldande.
Nokre gonger blir det vist til varslingsplikta når ein oppsøkjer media. Også dette punktet er nedfelt i dei etiske retningslinje for statstenesta:
Statstilsette må kunne varsle om kritikkverdige forhold i forvaltninga. Før varsling skjer, bør ein ha prøvd å ta opp forholdet internt. (…den enkelte skal også vurdere om det er mogleg å ta opp saka internt. Eit alternativ til å gå til media vil kunne vere å vende seg til ein offentleg kontroll– eller tilsynsinstans med saka, noko som normalt ikkje vil kunne oppfattast som brot på lojalitetsplikta).
Helse Førde ynskjer å presisere at dei tilsette har ein sjølvsagt plikt til å varsle om kritikkverdige tilhøve. Føretaket har ei klar oppfatting av at slike forhold i første omgang bør takast opp internt, og det er også eigne rutinar for dette i organisasjonen. For å hjelpe tilsette har Arbeidstilsynet på sine nettsider ei rådgjevingsteneste for korleis ein på ein forsvarleg måte går fram ved varsling.
Mange opplever også det å varsle om kritikkverdige forhold som en belastning for seg selv.Det anbefales derfor at du søker rådgivning, gjerne hos Arbeidstilsynet, tillitsvalgt eller advokat, før du eventuelt går til det skritt å varsle om kritikkverdige forhold i virksomheten.
Arbeidstaker bør spørre seg selv:
• Har jeg grunnlag for kritikken?
• Hvordan bør jeg gå frem?
• Hvem bør jeg si fra til?
Også her kan det oppstå usemje i enkeltsaker, men ingen skal likevel vere i tvil om kva som ligg til grunn for den mediepolitikken som er gjeldande i Helse Førde.