Hopp til innhold

Vil ha berre sogningar i styret

Lærdal kommune vil skifte ut heile Helse Førde-styret og berre setje inn politikarar frå indre Sogn. – Liknar eit demonstrasjonsforslag, seier styremedlem.

Knut O. Aarethun, Hilmar Høl

VIL HA SOGNINGAR I STYRET: Knut O. Aarethun og Hilmar Høl er blant sogningane Lærdal har lyst å ha inn i Helse Førde-styret.

Foto: montasje/NRK

Etter sju år som styreleiar har Clara Øberg gitt beskjed om at ho ikkje tek attval til Helse Førde-styret.

Fleire ny folk må setjast inn og i den samanheng har Helse Vest bede kommunane i fylket om innspel.

Forslaget frå Lærdal inneber ei liste med namn på berre sogningar.

Vil ha kandidatar som kan tale vår sak

Styreleiar Clara Øberg meiner det er på tide med eit leiarskifte i helseføretaket, og i samband med utskiftingane i styret har kommunane i Sogn og Fjordane fått kome med sine innspel.

I Lærdal vil dei like godt skifte ut heile det sitjande styret. På lista dei har sendt frå seg er det tidlegare fylkesordførar Knut O. Aarethun som er prioritert på topp. Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim meiner han er rett mann i styret.

Jan Geir Solheim

VÅR SAK: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim seier dei ønskjer å få fram kandidatar som kan tale sogningane si sak.

– Vi har hatt ein diskusjon på gruppeleiarnivå i Lærdal, og der vart vi samde om ei liste. Knut O. Aarethun toppar den lista, og det var sjølvsagt ikkje noko diskusjon om det i kommunestyret, seier Solheim og legg til:

– Vi ønskjer å få fram kandidatar som også kan tale Lærdal og indre Sogn si sak, seier ordføraren.

I tillegg til den politiske veteranen Aarethun, vil kommunestyret i Lærdal ha Hilmar Høl frå Årdal, Siv Enerstvedt frå Årdal, Kristi Eklund frå Årdal, Arne Sunde frå Aurland og Trond Einemo frå Lærdal.

– Liknar eit demonstrasjonsforslag

Mangeårig styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt er ikkje spesielt begeistra for forslaget.

– Det er litt for einsidig prega av indre Sogn. Det kan vel langt på veg oppfattast som eit demonstrasjonsforslag, seier Mowatt til NRK.no.

Harry Mowatt

EINSIDIG: Harry Mowatt meiner forslaget frå Lærdal er einsidig.

Foto: NRK

Ser ein vekk frå framlegget frå Lærdal, får sentrale medlemmer i sitjande styre mykje støtte.

Både fylkeskommunen og om lag halvparten av kommunane ønskjer at Jorunn Ringstad og Harry Mowatt skal halde fram. Det er også fleire kommunar som ønskjer Knut Arne Klingenberg frå Årdal, Liv Stave frå Selje og Einar Målsnes Balestrand inn i styret.

Vidare er det verd å merke seg at Nordfjordrådet støttar Liv Stave sitt kandidatur, utan å nemne noko om Harry Mowatt som har vore svært upopulært i Nordfjord i samband med sjukehusdebatten. Mowatt sjølv er fornøgd.

– Eg tolkar det slik at ein god del kommunar synst vi har gjort ein grei jobb. Det er eg veldig glad for.