Hopp til innhold

Kring 20 sjukehustilsette i uvissa

Fleire tilsette ved Nordfjord sjukehus kan måtte pendle Førde eller Lærdal om dei skal halde fram i Helse Førde.

Nordfjord Sjukehus

KUTTAR: Kring 20 tilsette ved Nordfjord sjukehus kan bli overflødige.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kring 20 tilsette kan bli overflødige når Helse Førde no byggjer ned ved Nordfjord sjukehus.

Dei tilsette blir i dag orientert på eit informasjonsmøte. Personaldirektør Arne Skjelten forstå at mange tilsette fryktar for framtida.

– Vårt arbeid er å skape nytt arbeid der oppe. Alle som eventuelt ikkje får vidare plass der oppe no, vil har fortrinnsrett til stillingar som kjem der oppe dei neste to åra, seier han.

Blir pendlarar

Helseføretaket har vedteke ei omfattande nedbygging av Nordfjord sjukehus. Før jul vart den ortopediske avdelinga lagt ned og snart står fødeavdelinga for tur .

Eit eige utviklingsprosjekt som skal bøte på noko av kutta er under planlegging. Likevel ligg det an til at kring 20 av dagens tilsette blir overflødige. Desse kan ende opp som pendlarar til Førde og Lærdal om dei vil halde fram i Helse Førde.

– Vi håpar sjølvsagt at det skal bli så få som mogleg og vi er interesserte i å løyse mest mogleg lokalt. Samstundes ser vi at det kan vere att nokon som det ikkje er plass til i høve til den bemanninga som er der oppe. Dei vil vi gje tilbod i Førde og Lærdal, seier Skjelten.

Oppseiing

Klinikktillitsvald i Helse Førde, Arthur Norevik, forstår at tilsette ved Nordfjord sjukehus er fortvila.

– Når det er ein slik prosess, så er det klart det er alvorleg når ein føler og trur ein er i fare for å misse arbeidsplassen sin, seier han.

Skjelten håpar og trur at ein slepp at nokon må seiast opp i Helse Førde, men han kan ikkje lova at det vil bli slik.

– Det er alltid umogleg å gje ein garanti, avsluttar han.