Hopp til innhold

Rapporten etter brannen klar før sommaren

Statens Havarikommisjon for Trafikk har bede om hjelp til å undersøke korleis brannen i Skatestraumtunnelen utvikla seg.

Kjørte inn i en fjellvegg og eksploderte

ALVORLEG HENDING: Rapporten etter brannen i Skatestraumtunnelen skal vere klar før sommaren.

Foto: Daniel Restad / NTB scanpix

– Det er viktig at brannens utvikling og korleis og kvifor den kunne utvikle seg slik den gjorde blir undersøkt seier avdelingsdirektør Rolf Mellum i Statens havarikommisjon for trafikk.

I fjor sommar miste ein tankbil hengaren sin lasta med 16.500 liter bensin i Skatestraumtunnelen. Hengaren dundra i fjellveggen, eksploderte og byrja brenne.

Hadde flaks

Brannen i Skatestraumtunnelen er den kraftigaste nokon gong i ein norsk vegtunnel. Seks personar vart sende til sjukehus.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

HÅPAR Å LÆRE: Rolf Mellum er avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon for trafikk.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

– No var vi heldige, og det ikkje vart personskade av betydning, men det er noko av det vi ynskjer å sjå på korleis det kunne påverka om det var personar i tunnelen. Difor har vi no bede om ekstern bistand for å vurdere og berekne brannen si spreiing og forløp, seier Mellum.

Klar før sommaren

Rapporten etter brannen i Skatestraumtunnelen i Bremanger i fjor skal vere klar før sommaren.

– Det kan seie litt om korleis dette utviklar seg i tunnelen og kva risiko ein faktisk står overfor ved ei slik hending. Det håpar vi kan gi oss læring for å unngå at liknande skjer igjen, og samstundes litt læring i korleis avgrense den type hendingar om ein skulle vere uheldig igjen, seier Mellum.