Hopp til innhold

Fryktar lærdom etter tunnelbrannar ikkje blir følgt opp

Viktig lærdom etter tunnelbrannar kan ende opp som lite anna enn skuffefyll. Det fryktar fagfolk i Sogn og Fjordane.

Skatestraumtunnelen og Gudvangatunnelen

BRANN: To gonger byrja det å brenne i tunnelar i Sogn og Fjordane i fjor. No fryktar fagfolk at lærdomane etter desse og andre tunnelbrannar ikkje kjem andre til gode.

Foto: Montasje / NRK

– Det er nokon farar ved det, at dersom det ikkje bli gitt ein tydeleg adressat, så risikerer ein at ikkje noko blir gjort, seier fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand.

I fjor var det to alvorlege tunnelbrannar i Sogn og Fjordane. I juli losna ein hengar lasta med 16500 liter bensin inne i Skatestraumtunnelen i Bremanger. Der eksploderte den, og brannen er den kraftigaste nokon gong i ein norsk vegtunnel. Seks personar vart sende til sjukehus.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

UROA: Fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand, etterlyser kva som skjer med erfaringsrapportar etter tunnelbrannar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein månad etter tok det igjen fyr i Gudvangatunnelen i Aurland. 37 personar vart evakuerte, fire vart alvorleg skadde. Denne helga tok det til å brenne i ein lastebil i Seljestadtunnelen i Hordaland.

Fryktar andre går glipp av lærdom

Fleire møter er haldne og rapportar skrive i etterkant av tunnelbrannane i fjor. Men Stensvand spør seg om Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap tek ansvar for å følgje opp tilrådingane.

– Det som eg saknar og etterlyser er ei tydeleggjering av kven som bør ha ansvar for å følgje opp desse tinga, seier Stensvand.

I brevet han har sendt til DSB listar han opp 14 læringspunkt som det no er uvisst om nokon fylgjer opp og formidlar vidare. Stensvand er trygg på at brann- og redningsetatar over heile landet kan hauste lærdom av redningsaksjonane i Sogn og Fjordane.

DSB har så langt ikkje kunna kommentere saka til NRK.

Har lært av eigne erfaringar

I Aurland sit brannsjef Reinhart Sørensen. Han har opplevd to store brannar i Gudvangatunnelen. Redningsarbeidet i fjor gjekk vesentleg betre enn storbrannen i 2013. Noko av årsaka er at ein har lært seg å styre ventilasjonsanlegget annleis, og ein prioriterte å berge folk ut før ein starta sløkking.

-Viss ingen følgjer opp, så er eg redd det berre blir lagt i ei skuffe. Eg er glad fylkesmannen har tatt tak i saka. Viss vi skal lage rapportar, så må vi følgje opp læringspunkta. Slik at resten av brann-Norge kan lære av det og, og ikkje berre vi som har vore inne i saka no.