– Vi var veldig nærme. Eg masa på kona om at ho måtte komme så vi nådde legetimen, men ho ville først slå av tørketrommelen. Hadde ho ikkje gjort det, så kunne vi køyrt rett i hengaren, seier Quirinus Adrichem.
– Hengaren losna truleg eit halvminutt, kanskje eitt minutt, før vi kom, legg han til.
– Ut! Ut! Ut!
Ekteparet Adrichem var på veg frå Rugsund til lege på Bremangerlandet då dei vart stogga kring 250 meter inne i Skatestraumtunnelen. Frå kring 40 meter såg dei hengaren stå inntil fjellveggen.
Dei såg ikkje lekkasjane frå hengaren og kjende ikkje bensinlukt, men ekteparet forstod dramatikken då føraren av vogntoget, Tore Myrestrand, kom ropande mot dei.
- Les også: Kommunen opprettar kriseteam
– Han skreik: «Ut, ut, ut! Det er lekkasje i tanken». 30 sekund etter at vi var komne ut høyrde vi den første store eksplosjonen, fortel han.
Ville inn att til føraren
Ekteparet sperra vegen med sin eigen bil. Uroa for føraren som var att i tunnelen, ville Adrichem inn att. Kona nekta han dette.
– Heldigvis kom sjåføren etter halvanna minutt med lastebilen. Då høyrde vi fleire eksplosjonar og det kom mykje tjukk, heilt steike svart røyk, veltande ut frå tunnelen, seier han.
– Vi opplevde det ikkje som skremmande med det same, men då vi kom ut og vi høyrde eksplosjonane så vart det verre. Vi trudde ikkje det var så mykje lekkasje og så stor fare for eksplosjon, legg Adrichem til.
Inne då det eksploderte
Til alt hell sleppte vogntogføraren forbi heile ferjekøen då han kom med ferja frå Måløy til Oldeide. Det hindra truleg at fleire bilar var inne i tunnelen då uhellet skjedde.
– Han gjorde ein svært god jobb, meiner Adrichem.
I tillegg til vogntogføraren, er 14 personar berga ut av tunnelen. Totalt ni personar på begge sider av den 1,9 kilometer lange tunnelen er evakuerte. Vatn sig no inn i tunnelen og politiet fryktar at den kan kollapse.
Seks personar er sendt til sjukehus. Ingen av desse er hardt skadde.
– Føraren virka bleik og sjølvsagt stressa. Eg spurte han fleire gonger om det gjekk bra, noko han stadfesta. Men han hadde flaks som kom ut med lastebilen. Han var inne då det eksploderte, seier Adrichem.
– Korleis går det med dykk no?
– Det går bra med oss. Vi er komne heim og har snakka med politiet. Sjølvsagt er vi litt stive og «shaky». Så no skal vi slappe av og ha kaffi, kaffi, kaffi og kaffi.