Hopp til innhold

Ber politiet gjere greie for E39 synspunkt

Ordførar i Stryn, Sven Flo, meiner det er feil av politiet å gå ut med synspunkt på kvar framtidig E39 skal gå gjennom Nordfjord. No ber han sentrale politikarar ta opp saka med departement og direktorat.

Sven Flo E39

IRRITERT: Ordførar i Stryn, Sven Flo, meiner politiet ikkje burde sagt noko om kvar E39 bør gå i framtida.

Foto: Fotomontasje / NRK

– For å vere dønn ærleg, så burde ikkje politiet uttalt seg i denne saka. Vi er i ein fase der avgjerda ligg rett føre oss, og eg kan ikkje i min villaste fantasi forstå at politiet ikkje tidlegare har vore på bana om dei er så opptekne av denne beredskapstenkinga i høve eit framtidig traseval, seier Flo.

Ordføraren i Stryn er lite imponert over utsegnene frå driftseiningsleiar på Søre Sunnmøre og regionlensmannen i Nordfjord. Fredag sa dei til NRK at framtidig E39 bør gå i midtre trasé via Eid, og ikkje indre om Stryn.

– Med ei ny midtre line så vil vi også komme raskt ned til Eid, og politiet i Eid vil komme raskt til Sunnmøre. Det er heilt klart at ny kommunikasjon mot Eid vil betre politiberedskapen, sa driftseiningsleiar på Søre Sunnmøre og lensmann i Ørsta og fungerande lensmann i Volda, Guttorm Hagen, til NRK fredag.

Etterlyser høyringssvaret frå politiet

Sjølv om avgjerda om kvar E39 skal gå i framtida er venta innan kort tid, så har fleire kasta seg inn i debatten og kome med nye innspel dei siste vekene.

Flo meiner det er feil av politiet å kasta seg inn i saka no, spesielt dersom det ikkje ligg eit høyringssvar i botnen.

– Dersom politiet ikkje har uttalt seg i den ordinære høyringsrunden, så er det oppsiktsvekkjande at dei har uttalt seg i denne saka no. Eg etterlyser, og ber om å få svar på om det er levert inn høyringssvar frå politiet, seier Sven Flo.

Bakgrunnen for saka om kva politiet meiner, var eit brev Guttorm Hagen tidlegare i veka sende til Samferdsledepartementet og Statsministeren sitt kontor. Han meiner offentlege etatar sine behov bør lyttast til, og ikkje berre næringsinteresser.

– I eit beredskapsperspektiv, så kan ein lensmann uttale seg og komme med nyttige innspel i ein debatt. Så får det bli opp til politikarane å ta avgjerda. Det vil vere feil å ikkje seie noko om dette, sa Hagen til NRK.

Guttorm Hagen

VIKTIG: Lensmann i Ørsta og Volda, Guttorm Hagen, meiner at også offentlege etatar må få kome med sine synspunkt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kan få konsekvensar for politianalysen

Flo meiner også at avgjersla om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord kan spele inn i det pågåande arbeidet med politianalysen. Den tek for seg omorganisering av politiet, og det er mellom anna føreslått å kutte politikontor i regionen.

Han er spesielt kritisk til at dei to lensmennene koplar Ørsta, Volda og Eid så tett saman, samstundes som politianalysen er oppe til behandling.

– Eg vil gjerne ha svar på om dette er kopla opp mot analysen på noko vis. Dersom desse utsegna er eit ledd i den interne kampen i politiet, så bør politiet reise debatten på eit breiare grunnlag, meiner Flo.

Ordføraren har varsla sentrale politikarar om saka, og bede dei diskutere saka med departement og direktorat.