– Det gjekk for så vidt bra. Eg løfta 285 kilo og enda opp på ein sjetteplass, det må jo vere bra i VM, seier Roger Navarsete.
Saman med Fredrik Myrvang ifrå Naustdal har han vore på plass på VM i benkpress i Litauen sidan i går. Det er tredje gongen Navarsete er med i VM for seniorar.
– Eg hadde to forsøk på 292 kg, men det var akkurat litt for tungt. Det var ikkje mykje som skulle til, men i dag var det akkurat litt for tungt, seier Navarsete, som frå før har 290 kg som personleg rekord.
Det mest ambisiøse målet for helga var likevel å nå den magiske grensa på 300 kg. Det gjekk ikkje denne gongen.
– Eg haldt på å prøve meg på 300 kg, men då vart eg halden tilbake av lagleiaren, og fekk beskjed om at det ikkje var lurt. Eg er nok einig no, sjølv om ein aldri veit. Plutseleg hadde eg klart 300, sjølv om eg ikkje klarte 292. Slik er denne sporten.
Les også: Skrubbsvolten Roger (26) sikra NM-gull
Vart overraska heimanfrå
Medan Navarsete var i gong med dei siste førebuingane før den store dagen, vart han i går kveld overraska av familien som hadde teke turen ned til VM utan å fortelje han om det.
– Det var veldig kjekt. Dei fekk sjå då eg løfta, så det var jo utruleg artig.
Sjølv om han ikkje greidde å nå 300-grensa denne gongen, kjem det snart nye sjansar.
– Neste høve er EM i oktober. Det er på La Manga i Spania, så det kan jo bli bra. Varmt og godt i alle fall. Då tenkjer eg vi skal prøve på 300 kg ein gong til.
Les også: Søskenbarna slo til under VM i benkpress
Les også: Dei elskar å løfte tungt
Sjetteplass også på Myrvang
Også Fredrik Eskil Myrvang frå Naustdal enda på sjetteplass i sin klasse i benkpress-VM.
Han sette både ny personleg rekord og ny noregsrekord då han i går løfta i vektklasse -59 kilo og fekk pressa opp 175 kilo i sitt andre løft. 180 kilo i sisteløftet vart ikkje godkjent, og Myrvang enda på ein 6.-plass i klassen.