Hopp til innhold

Roger (26) var svolten på både gull og mat - slik feira han då det edle metallet var i boks

Roger Navarsete frå Sogndal har gått svolten heile veka. Det er ei kjensle han nesten aldri kjenner på. Den uvanlege kjensla sikra han i dag edelt metall.

Roger Navarsete kan endeleg feire NM-gullet

ENDELEG KAN HAN FYLLE TALLERKENEN: Roger Navarsete er ikkje vond å be når han får fylle tallerkenen under banketten

– Eg føler alltid at eg har blitt tynn når eg går ned éin kilo. Så no skal eg ete meg opp på banketten, flirer sogndølen.

Han kan glise breitt over NM-gull benkpress i klasse 93 kilo, og ny norsk rekord. Det etter å ha pressa opp 273 kilo på strake armar.

Måtte kutte ned på maten

Men eit gull kjem ikkje av seg sjølv. Tallause timar med sveitte ligg bak. Opp mot meisterskapen må alt klaffe. På NM i benkpress må løftarane passe inn i gitte vektklassar.

Navarsete løftar i klasse 93 kilo, og på innveging kan han maks vege 93 kilo. Den siste tida har 26-åringen vore mellom 95 og 96 kilo på kvelden.

– Eg har måtte vere litt forsiktig, fortel Navarsete.

Er nesten aldri svolten

Men for ein kraftfull kar som er van med å ete seg mett fem til seks gonger for dagen er det tøft å måtte avgrense seg med matbordet.

– I staden for fem brødskiver til lunsj til dømes, har eg vore ned i fire og tre. Dermed har eg måtte kjenne på at eg har vore svolten. Det er ei kjensle eg rekk å kjenne på ekstremt sjeldan i løpet av året, seier Navarsete.

Men det gav resultat. Då han gjekk på vekta i dag stoppa den på 92,3 kilo. Med andre ord hadde han nesten gått ned for mykje. Med to timar att til løftinga fekk han nedpå havregryn, yoghurt, salte nøtter og vatn.

– Når du får i deg litt vatn føler du deg litt større. Det er greitt å fylle ut benkpresskjorta best mogleg.

Klinka til med norsk rekord og NM-gull

Roger Navarsete og Fredrik Myrvang

GULL: Roger Navarsete og Fredrik Myrvang løftar begge for Sogndal IL. På NM i Stavanger er dei romkameratar og sikra begge NM-gull og nye norske rekordar i sine vektklassar.

Benkskjorta han snakkar om er som ei åletrong t-skjorte som gir benkpressarane ekstra trykk i løftinga. Med den på entra Navarsete podiet og pressa lett opp 265 i sitt første av tre forsøk.

– Deretter gjekk eg for 273 kilo i andreløftet, og fekk med det gull og godkjent ny norsk rekord, gliser Navarsete.

Sisteløftet stod han over. For som landslagsløftar er NM ei tung gjennomkøyring. I slutten av april ventar VM. Fram mot då skal ta lærdom av vektnedgangen siste tida.

– Eg skal ha meir is i magen. Kanskje må eg gå til innkjøp av ei badevekt, flirer han før han held fram arbeidet med å ete seg opp att i vekt.

Også romkameraten hans, Fredrik Myrvang frå Førde, sikra NM-gull og ny norsk rekord. Han pressa opp 170 kilo i klasse 59 kilo.