NRK Meny
Normal

Klar for manndomsprøven: Satsar på gull i NM i benkpress

NAUSTDAL (NRK): Treningsgjengen som skal til NM, trenar så mykje at dei lurer på kva vanlege folk, som ikkje trenar, gjer på etter jobb.

Fredrik Eskil Myrvang gjer seg klar til NM

OPPVARMING: – Målet er å lufte mest mogeleg, men også å få mange godkjende løft, seier Fredrik Eskil Myrvang som skal delta i NM i helga. Foto/redigering: Martin Torsveit/Ole Andre Rekkedal, NRK

– Det er større forventning enn nokon gong. Målet er å ta ein ny NM-tittel, men også å få godkjende løft og at eg er fornøgd sjølv med prestasjonen, seier Fredrik Eskil Myrvang som har vunne NM i benkpress sju år på rad.

I helga er det NM i benkpress i Stavanger. Fleire løftarar frå Sogn og Fjordane stiller. Blant dei er altså Myrvang og klubbkamerat Roger Navarsete frå Sogndal.

Fredrik Eskil Myrvang

GÅR FOR NYTT GULL: Fredrik Eskil Myrvang går for sin åttande siger i NM i benkpress. 100 kg er oppvarming.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Trenar harde økter

– Eg hadde håpa på eit skikkeleg oppgjer med søskenbarnet mitt, men han må stå over på grunn av sjukdom og skade. Eg har store forventningar til meg sjølv i helga, med noregsrekord og personleg beste, seier Roger Navarsete.

For å kunne yte maksimalt, trenar dei to om lag fem gongar i veka. Då held dei gjerne på i eit par timar. Det kan vere tungt å motivere seg.

– Men då ser ein spesielt fram til slike dagar som i helga med NM og internasjonale meisterskap. Ein veit kor kjekt det er viss ein har lagt ned ei god trening, seier Myrvang.

Det å trene og sjå kor langt ein kan nå, har alltid motivert Myrvang. Han har personleg rekord i meisterskap på 167,5 kg.

Fredrik Eskil Myrvang

BENKPRESS: Fredrik Eskil Myrvang håpar på gull i NM. I VM i april kan det bli tøffare.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg ønskjer å tøye mine eigne grenser, og kunne løfte tungt. Eg veit ikkje heilt sjølv kvar motivasjonen kjem frå alltid.

Veit ikkje kva han skal gjere utan trening

Roger Navarsete

HÅPER PÅ REKORD: Roger Navarsete satsar på norgesrekord i helga.

Foto: Anna Gytri / NRK

Roger Navarsete har stemnerekord på 270 kg og har tre NM-gull frå før. Han finn også stor glede i å trene med vekter for å bli endå sterkare.

– Når eg er ferdig på jobb går eg rett på trening, det er blitt rutine. Eg veit ikkje kva eg skal gjere heime viss eg ikkje trenar, eg veit ikkje kva vanlege folk gjer heime, ler Navarsete.

– Men vinnarinstinktet er så sterkt, og lysten til alltid å vinne og bli betre. Fokus er alltid betre teknikk. Ein må berre oppleve det.

I NM håpar han på å ta gullmedalje og rekord.

– Eg går for gull og kilomessig håpar eg å ta norgesrekorden, og då må eg ta 273 kg, seier Navarsete.

Vegopning på Bergum i Førde kommune