NRK Meny
Normal

Søskenbarna slo til under VM i benkpress

Tommy Navarsete Espeseter (36) løfta 267 kilo under VM i benkpress i Sundsvall i Sverige fredag ettermiddag. Det var nye pers med sju kilo noko som heldt til ein 10.-plass.

Roger Navarsete og Tommy Navarsete Espeseter

FAMILIEKONKURRANSE: Tommy Navarsete Espeseter (36) roger Navarsete har målt krefter i årevis, men i VM var Tommy som trekte det lengste strået.

Foto: privat

– Eg er svært godt nøgd. Eg rota det til på første løftet, men eg fekk det til på andreløftet og så persa eg med sju kilo på tredjeløftet, seier Tommy Navarsete Espeseter.

Det heldt til ein 10.-plass i VM, og norgesrekord. Ingen dårleg debut i internasjonale konkurransar for 36-åringen.

– No har eg fått blod på tann, det har eg for så vidt hatt lenge. Etter NM og då eg byrja å trene skikkeleg så har det gått berre ein veg.

Tre plassar bak på VM-resultatet, men med tangering av personleg rekord på 255 kilo finn vi søskenbarnet Roger Navarsete.

– Personlege så hadde eg vel forventingar om at eg skulle ha løfta meir, men Tommy er nok rimeleg fornøgd i dag.

Pushar kvarandre

Sjølv om den eine bur i Oslo og den andre i Førde følgjer dei kvarandre nøye. Dei pratar på telefon fleire gonger i veka, har same treningsopplegg og trenar, og måler krefter, sjølv om det ikkje er i same treningsrom.

– Det pushar oss fram begge to. Vi er søskenbarn og kompisar, men når konkurransen startar, då er det konkurranse, seier Navarsete.

For Navarsete Espeseter betyr støtta og den innbyrdes konkurransen med søskenbarnet mykje.

– For min del betyr det ganske mykje, Roger har hjelpt meg mykje for å kome i gang at med trening. Vi hjelper kvarandre, og det trur eg vi har nytte av begge to.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen