Hopp til innhold

Over helga forlét den siste mjølka meieriet

BYRKJELO (NRK): Fleire år med omlegging og uvisse er over. Over helga er det heilt slutt for utkøyring mjølk på meieriet på Byrkjelo.

TINE

OVER OG UT: No er det brunost som står i fokus på anlegget til TINE på Byrkjelo.

Foto: KAIA JOHNSEN VIKI / NRK

– Det har vore ein lang prosess som har gått sakte framover. Det er klart det ikkje er kjekt for dei tilsette, seier produksjonssjef på Byrkjelo, John Reidar Krøke.

No skal kvitost og brunost fylle hylleradene til TINE sitt meieri på Byrkjelo. Vekk skal konsumvarer som sjokolademjølk og yoghurt. Det gjer at meieriet har 15 årsverk mindre etter ei omfattande omlegging til å produsere ost. Nokre har gått over til nye jobbar og andre har gått av med pensjon.

– Det er vemodig, samstundes har vi hatt ein god omstillingsprosess. Alle har noko å gå til på måndag, seier Laila Frøystad Falck som er hovudtillitsvald.

John Krøke

VEMODIG: John Reidar Krøke er produksjonssjef på meieriet på Byrkjelo. Han meiner heile prosessen har vore vemodig for dei tilsette.

Foto: Silje Guddal / nrk

20 år med tapping av mjølk

Sidan starten i 1996 har om lag 200 millionar liter mjølk blitt tappa på anlegget. Tilbake i august i fjor stengde meieriet kranene for godt etter over 20 år.

– Vi er i sluttfasen i å ta over osteproduksjonen frå Ørsta, seier Krøke.

Over helga er det heilt slutt for utkøyring forbrukar-mjølk på meieriet på Byrkjelo. Frå no av blir konsummjølka køyrd til butikkar i Sogn og Fjordane frå Bergen og Ålesund.

– Korleis blir det utan mjølk her?

– Det går sikkert bra. Dei har nok god mjølk i Bergen og Ålesund, seier Frøystad Falck.