NRK Meny
Normal

Ove André stod ansikt til ansikt med ulv - måtte kaste stein for å jage rovdyret vekk

Ove André Tjønneland trudde knapt sine eigne auge då han var på veg ned til garden i Angedalen i Førde med sauene i 17-tida fredag. Brått kom ein ulv springane rett gjennom flokken. Og stoppa seks meter frå Tjønneland.

Ove André Tjønneland møtte ulv like over bustadhuset sitt

SKJELVEN: Ove André Tjønneland møtte ulven like over bustadhuset sitt, då han skulle hente ned sauene.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg kom ned skogsvegen og så skulle sauene gå ned røyrgata, slik dei pleier. Men dei ville ikkje. Dei vegra seg og gjekk ein annan veg inn i eit granfelt, fortel Ove André Tjønneland.

Han måtte inn og hente dei ut att, men då vart sauene ståande og ville ikkje gå vidare. Det skulle snart syne seg at det var ein heilt naturleg årsak til det.

– Dei vart ståande og sjå nedover. Plutseleg delte flokken seg i to, og då kom ulven mot meg, gjennom heile flokken, seier Tjønneland.

Frykta ulven skulle ta sauene

Ulven såg ut til å ville spreie flokken, då han brått stod ansikt til ansikt med Tjønneland.

– Eg veit ikkje heilt kven som kvapp mest, om det var eg eller han. Vi skvatt iallfall begge to. Han stod og såg meg rett i auga. Han var nær, seier Tjønneland.

Hans første reaksjon var å rope og skrike alt han makta for å skremme vekk dyret.

– Eg frykta for at han skulle ta sauer rett framfor auga mine. Så eg skreik det eg makta. Så bøygde eg meg på huk og plukka opp ein stein. Den kasta eg etter han og trefte han i låret, så han hugsar nok det, seier Tjønneland og ler.

Var garantert ingen hund

Då tykte ulven at nok var nok, og snudde om og sprang vekk frå Tjønneland og flokken.

– Eg såg han vel i 50–60 meter då han sprang frå meg. Det var ein svær kar, seier Tjønneland.

Sauebonden er godt van med både husdyr og andre dyr, og er ein ivrig jeger. Men han innrømmer at han var sjokkert over sitt første møte ansikt til ansikt med ein ulv.

– Viss du tenkjer på den største schæferen du har sett, så er han mykje større enn det. Han har eit enormt hovud og ein enorm frampart. Og så var han veldig lang. Fargen var skitenbrun frå midt på bogen og bakover ryggen. Litt spraglete i fargen, seier Tjønneland.

Han er tindrande klar på at det ikkje er ein hund han har møtt på.

– Det var garantert ikkje ein hund. Dette var ein ulv. Finst det slike hundar, vil eg sjå dei, seier Tjønneland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Created by InfoDispatcher

KASTA STEIN: Ove André Tjønneland kasta til slutt ein stein rett i låret på ulven for å få han vekk. Høyr Tjønneland fortelje om møtet med ulven. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Var berre 300 meter frå bustadfeltet

Huset til Tjønneland ligg øvst i byggjefeltet på Brunene i Angedalen i Førde, og møtet med ulven fann stad berre 300 meter ovanfor huset.

– Det er litt skremmande. Ein tenkjer jo ikkje på det når vi er ute på hjortejakt klokka 06 om morgonen og skal setje oss på post. Men no i ettertid vil eg nok tenkje på det, seier Tjønneland.

Han legg ikkje skjul på at han fekk den store skjelven etter at ulven hadde forsvunne.

– Eg visste ikkje at det gjekk an å ha gåsehus bak knea, men det hadde eg då. Håret stod rett ut og eg var heilt stum, på ein måte stiv av skrekk, seier Tjønneland.

Ulven verka heller ikkje spesielt redd over å møte på Tjønneland.

– Nei, han stoppa berre opp og såg på meg. Han gjorde ikkje teikn til å ville springe før eg skreik. Då snudde han, og så fekk han steinen i røva, så eg reknar med han hugsar meg, ler Tjønneland.

Vurderte å ta med rifla

Ulven bestemde seg då for å forsvinne raskt, og sprang lett stigninga oppover og forsvann bak grantrea.

Kor lett det vert å få has på ulven, er Tjønneland meir usikker på.

– Han flyttar seg fort, så han kan vere over alle haugar. Men vi har varsla dei som skal varslast, så eg reknar med at det vert starta jakt alt i morgon tidleg, seier Tjønneland.

Ironisk nok vurderte han å ta med seg rifla då han drog ut for å hente sauene, med tanke på at det kunne dukke opp ein hjort.

– No angrar eg litt på det, i og med at eg har lisens. Det hadde jo vore greitt å fått skote han, seier Tjønneland.

– Men eit minne for livet vart det vel likevel?

– Heilt klart. Og gåsehus på dei underlegaste plassar. Eg trur neppe det vil skje igjen, seier Tjønneland.

Er truleg same ulv som i Naustdal

Rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, er ikkje overraska over at det er sett ulv i Angedalen i Førde.

– Det er sannsynleg, i og med at vi har registrert ulv i området der oppe. Då er ikkje Angedalen lenger vekk enn at det vil vere innanfor det området som ulven vil gå i, seier Golf.

Han meiner det er god grunn til å tru at dette er same ulv som har herja i Naustdal tidlegare i sommar. Det har vore gjort fleire observasjonar av ulven i Naustdal, og bøndene har mista mellom 30 og 40 sauer til rovdyret i løpet av beitesesongen.

At ulven har komme så nær menneske, utan å flykte, er heller ikkje unormalt.

– Slike situasjonar kan oppstå, seier Golf.

Det er lisensjakt på ulv, så dei som ønskjer å felle ulv, må vere registrerte lisensjegerar.

– Og så må dei tenkje strategisk med tanke på kor ulven kan røre seg, og jage gjennom det området. Ein må gjerne tenkje i litt større skala enn ein gjer med hjortejakt, seier Golf.

Han karakteriserer ulvejakt som svært utfordrande.

– Det er ofte berre eitt dyr. Og å komme i ein slik situasjon at ein kan felle det, utan sporsnø, er svært krevjande, seier Golf.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser