Hopp til innhold

Fryktar talet på tapte dyr blir stort

Bøndene i Naustdal har så langt i haust mista kring 30–40 sauer, men kor mange av desse som er tekne av ulv er usikkert.

Vidar Heggheim

FRYKTAR STORE TAP: Sjølv om ulven berre er bekrefta som årsaka til fem daude sauer, trur Vidar Heggheim i Naustdal Sau og Geit at talet er langt høgare.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Denne veka vart det stadfesta at ulven i Naustdal har drepe fem sauer, men talet kan vere langt høgare, trur Vidar Heggheim, leiar i Naustdal Sau og Geit.

– Eg har ikkje fullstendig oversikt, men eg vil tru at vi har funne mellom 30 og 40 kadaver så langt, seier han.

Ikkje vande med slike tap

Av desse er det berre fem som Statens Naturoppsyn kan bekrefte er tekne av ulv. Men likevel meiner Heggheim det er god grunn til å tru at ulven er ansvarleg for langt fleire.

– Mange er funne for seint til å kunne konkludere med at det er ulven, seier han.

Sau skadd av dyr

VANSKELEG Å KONKLUDERE: I mange tilfelle er kadavera så øydelagde av fluger, fuglar eller anna, at det er vanskeleg å dokumentere ei dødsårsak.

Foto: Statens Naturoppsyn

Framleis saknar bøndene i området langt over hundre sauer.

– Dette er veldig uvanleg her i Naustdal. Normalt pleier vi knapt å miste sauer på fjellet i det heile. Vi jobbar med dette dagleg, og håpar jo sjølvsagt at vi skal finne litt meir, men eg fryktar at talet på tapte dyr vil bli stort, seier Heggheim.

Fredag morgon vart ulven observert like ved Luftkampmuseet, men etter det har det ikkje vore spor etter den.

Ser ikkje vekk frå større tal

Statens Naturoppsyn er samd i at ein ikkje kan sjå vekk frå at fleire enn fem sauer er tekne av ulven.

– Eg vil tru at det reelle talet er høgare enn det som er bekrefta, seier Finn Olav Myhren som har ansvar for Naustdal.

Både han og fylkesleiar i Statens Naturoppsyn, Rein-Arne Golf, seier det er vanskeleg å konkludere med dødsårsak når kadaveret i stor grad er oppete eller nedbrote.

– Det er veldig vanleg at det berre er fåtalet av kadaver der vi klarar å dokumentere ei dødsårsak, seier Golf.

Han ser heller ikkje vekk frå at talet på sauer som er tekne av ulven er høgare enn dei fem som er bekrefta.

Ulv eller hund

ULVEN: Naustdal Sau og Geit har fått fellingsløyve for ulv etter at det er bekrefta at fleire sauer er drepne. Det er framleis ikkje sikkert om det er ein ulv eller hund dette kameraet fanga opp.

Foto: Ann Elen Endestad

– Du ser no berre inne i Sogn. Der har vi konkludert med at jerven har teke over 100 dyr, men bøndene manglar mellom 400 og 500.

Fordi ikkje alle kadavera er registrert inn til dei, har Statens Naturoppsyn manglande oversikt over kor stort tap bøndene har så langt.

Ber folk vere på vakt

Heggheim i Naustdal Sau og Geit ønskjer ikkje å røpe for mykje av planane deira for korleis dei skal felle ulven.

– Vi kjem ikkje til å gå noko manngard, men alle følgjer ekstra med og er klare dersom nokon ser noko, seier han.

Myhre i Statens Naturoppsyn ber alle vere merksame på mistenkelege ting.

– Då er det viktig å melde frå til oss snarast mogleg.