Hopp til innhold

Ulv eller hund? Det er spørsmålet etter at dette dyret er tatt bilde av i skogen i Naustdal

Statens Naturoppsyn (SNO) kan ikkje slå fast at det er ein ulv det er tatt bilde av i Naustdal. – Mykje kan tyde på det, men det er usikkert, seier Rein Arne Golf i SNO.

Ulv eller hund

HUND ELLER ULV? Grunneigarane i Naustdal har montert opp kamera for å dokumentere kva dyr som herjar i saueflokkane deira.

Foto: Ann Elen Endestad

– Bildet viser bakparten på eit dyr som kan likne på ein ulv. Ut frå funna som er gjort i området tidlegare kan det tilseie at det er ein ulv, seier Golf i Statens Naturoppsyn.

Naustdal sau og geit har fått eit fellingsløyve for ulv i dag frå Fylkesmannen.

Det betyr ikkje at det fritt fram for kven som helst til å ta seg til rette i jakta.

– Det er ikkje cowboyjakt. Vi har tatt kontakt med profesjonelt jaktlag, seier Vidar Heggheim, som er leiar i Naustdal sau - og geit.

Han presiserer at det skal vere trygt for folk å ferdast i skogen.

Treng biologiske spor

Statens naturoppsyn har fått biletet tilsendt i dag. No vil dei ha ytterlegare spor som kan dokumentere at dyret faktisk er ein ulv.

– Vi treng biologiske spor, seier Rein Arne Golf.

Det har tidlegare i sommar vore gjort fleire funn av sauekadaver i Naustdal som kan tyde på at ein ulv eller ein hund har gått til åtak på dyra.

Grunneigar Vidar Heggheim seier det er ei tøff tid for alle som no opplever å miste sauer.

– For mange er det veldig tøft. Dette vi opplever av funn i saueflokken er heilt unormalt, seier han.

Til no har ikkje SNO funne gode nok spor som kan fastslå hundre prosent at det er ein ulv som herjar i Naustdal.

Treng hjelp frå folk som finn kadaver

– Vi skulle gjerne hatt betre dokumentasjon på funn som vert gjort som folk meiner tyder på at det er ulv. Til dømes DNA-spor, seier Golf.

Han rår folk til å tipse om biologiske funn dei gjer og sende dei inn til Statens Naturoppsyn.

Det skal vere sett opp fleire kamera på plassar i skogen der det er naturleg at ein ulv vil ferdast.