Hopp til innhold

No planlegg dei ulvejakt i hjortejakta

Enkelte jegerar i Naustdal får dobbelt så mykje spenning i hjortejakta i år, med løyve til å felle både hjort og ulv.

Ulv eller hund

FANGA: Eit viltkamera foreviga det som truleg er ein ulv i Naustdal.

Foto: Ann Elen Endestad

For med hjortejakta godt i gang, er ein også i gang med å planlegge ulvejakt i Naustdal. Av jegerane som no er ute på hjortejakt, er det fleire som også kan felle ulv.

Etter at det som mest truleg er ein ulv vart fanga på viltkamera denne veka, har Naustdal sau og geit fått fellingsløyve på ein ulv.

– Denne helga får vi truleg sett ut sperreband og viltkamera som sender mms, på godt eigna område. Det blir ikkje ulvejegerar ute utan at det er gjort observasjonar, seier Arve Århus, leiar i Fylkesfellingslaget i Sogn og Fjordane.

Peikar mest mot ulv

Århus skildrar skademønsteret som utydeleg, og det har i sommar vore spekulert i om det er hund eller sau som står bak ei rekkje sauedrap i Naustdal.

– Når biletet kom på bordet, så peika pila litt over streken for at det kan vere ulv. Mellom anna på grunn av fasongen på bakparten og halen, seier Århus.

I dag har bønder og grunneigarar diskutert korleis ein kan gjennomføre ein målretta jakt på dyret. Århus seier det er vanskeleg på barmar, men at det er mogleg på ein stad med god vegdekning og mobildekning slik at jegerane kjem seg raskt fram til staden.

– Ulven er var

– Sjølv om skadefelling er uavhengig av grunneigarretten, så vil ein ikkje bruke viltkamera utan tett dialog med grunneigar så vi ikkje får konfliktar, seier Århus og viser til den pågåande hjortejakta.

Eit sperreband vil også vere med på å halde ulven innanfor eit avgrensa området.

– Dei er vare når dei kjem til slike objekt i naturen. Då svingar dei gjerne av, seier han.

Dersom ein ikkje lukkast med å finne ulven før fristen er ute, kan dei same planane som no blir lagde nyttast når lisensjakta på ulv startar 1. oktober.