Hopp til innhold

Ulven i Naustdal observert nok ein gong

Denne veka vart ulven i Naustdal observert nok ein gong. Vidar Heggheim, leiar i Naustdal Sau og Geit, byrjar å lure på om ulven har meldt flytting.

Ulv eller hund

NY OBSERVASJON: Ulven i Naustdal er observert nok ein gong.

Foto: Ann Elen Endestad

Dette er den tredje sikre observasjonen av ulven. For om lag to veker sidan fortalde NRK om mannen som såg ulven nær Luftkampmuseet. Firda fortalde om orienteringsløparen som såg ulven.

Og på torsdag såg ein person ulven nær Naustdal sentrum. Personen som såg ulven ynskjer ikkje å prate med media, men Vidar Heggheim seier dei trur ulven har vore i Naustdal lenge.

– Han må like seg godt i Naustdal, sidan han har gått her så lenge. Vi byrjar å lure på om ulven har meldt flytting. Men den sikraste observasjonen er likevel alle sauene vi har mist, seier Helgheim.

Nesten umogleg utan snø

I Naustdal har dei hatt mistanke om at ein ulv har herja i saueflokken sidan 9. august, då dei fann det første kadaveret av sau. Bøndene har mist mellom 30 og 40 sauer til den svenske ulven.

Dei har so langt ikkje lukkast i jakta på ulven. Det er ikkje tilfeldig for skal dei ta ulven må det eit tilfelle til, seier leiar i Fylkesfellingslaget, Arve Aarhus.

– I seg sjølv er ikkje jakta på ulv vanskelegare enn jakta på andre rovdyr. Men to ting kan generelt gjere det vanskelegare. Jakt på barmark, og det faktum at det er få ulvar, seier han og legg til:

– Når det er eitt individ på barmark, er det frykteleg krevjande. Når det er snø og mogleg å spore ulven aukar sjansen voldsomt. Det er ein kolossalt stor forskjell.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sau skadd av dyr

ULV: Eit av lamma i Naustdal hadde slike bitemerke som kniven peikar på, med knusingsskadar i beinstrukturen. Det tyder på ulv.

Foto: Statens Naturoppsyn

Jegerar har ikkje vore nær ulven

Når den utrulege Naustdals-ulven vart teken av Dagfinn Berg for 64 år sidan, var det gode sporingsforhold. Berg og søskenbarnet følgde spora, og tok ulven frå 150 meters avstand.

So nær har dei ikkje kome i dag.

– Det er personar som har prøvd å spore ulven, men dei som jaktar har ikkje vore i nærleiken av han. Sporsnø er eit pluss og kan hjelpe oss, seier Vidar Heggheim.

For akkurat no veit dei ikkje kvar dei skal leite.

– Det er overraskande for oss at ulven dukkar opp nede i sentrum, slik som på torsdag.

Ulvar er nett som oss menneske

Men Arve Aarhus i Fylkesfellingslaget fortel at det ikkje er ukjent med ulv i område med tett busetnad.

– Nokre ulvar bryr seg ikkje, og eksponerer seg lett. Andre er sky og er sjeldan innom tett busetnad, seier Aarhus.

Han trekk fram dømet med ulven som vart påkøyrd ved Eiken kyrkje i Hægebostad kommune.

– Det var ein annan ulv i området også. Men han vart ikkje observert i nærleiken av busetnad og held seg langt til skogs. Ulv er ikkje ein ting, men ulike individ med ulike bakgrunn og ulike erfaringar, på same måten som oss menneske. Nokre har vakse opp på treroms i storbyen, andre ute på vidda, seier Aarhus.

Uansett om ulven i Naustdal vaks opp på treroms eller i lavvo, er Vidar Heggheim og dei andre bøndene veldig innstilte på at ulven melder flytting vekk frå Naustdal.

– For oss er det utruleg viktig å få avklart dette, slik at vi unngår denne utryggleiken inn mot neste beitesesong. Om vi ikkje får teke ulven, vil vi gå med ei frykt før neste sesong, seier Heggheim, og kjem med ei oppmoding.

– Eg ønskjer at alle som ser noko kjem til oss. Alt som har med dette å gjere er interessert for oss.