Hopp til innhold

Ordførardemonstrasjon framfor Stortinget

I dag demonstrerte meir enn hundre ordførarar framfor Stortinget, for å syne at dei er i mot at regjeringa vil ta frå dei millionar i skattekroner.

Ordførarar forran Stortinget

SINTE: Desse ordførarane er sinte på regjeringa. Frå venstre: Leidulf Gloppestad, Jon Håkon Odd, Jarle Aarvoll, Arild Inge Lægreid, Petter Sortland, Olav Turvoll, og Ivar Kvalen.

Foto: Ivar Kvalen

– Det var ei sterk og god markering, med mange frammøtte, seier ordførar i Luster Ivar Kvalen (Sp).

Ordførarane demonstrerte for å protestere mot at regjeringa vil fjerne det som populært vert kalla «maskinskatten». Dette er eigedomsskatt som ikkje går på tomter eller bygningar, men på utstyr som ligg inne i bygningane.

I industrikommunar kan det vere tale om svært mykje pengar.

– Vi kan miste så mykje som 10 millionar kroner i året. Det er veldig alvorleg for oss, og det kjem til å gå ut over tenestetilbodet vårt, slik har Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) skildra fjerninga av maskinskatten.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

I SOLIDARITET: Ivar Kvalen demonstrerte framfor Stortinget i solidaritet med industrikommunane, men også fordi han trur neste steg er å kutte i inntektene til kraftkommunar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Årdal kommune hevdar at dei kan tape meir enn 20 millionar kroner i året på endringa. Kritikarar av endinga har hevda at kommunar i Norge til saman kan tape fleire hundre millionar kroner på forslaget.

Både kraftkommunar og industrikommunar

Sjølv om det er industrikommunar som vert hardast råka av maskinskattekuttet, var det også mange ordførarar frå store kraftkommunar framfor Stortinget i kveld.

– Det har kome signal om at neste steg er å kutte i eigedomsskatten på kraftverk. Det vil vere eit livsfarleg grep. For oss kan det koste 50 millionar kroner i året, seier Ivar Kvalen i Luster.

Han fortel at både kraft- og industrikommunar står side om side i denne kampen, og at dei vil prøve å påverke stortingspolitikarane til å stogge forslaget til regjeringa.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger, er skal snart ta i mot mange asylsøkjarar i kommunen.

FORTVILA: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), likar ikkje regjeringa sitt forslag om å fjerne maskinskatten. Han seier at kommunen hans vil tape 10 millionar i året, og at det vil gå ut over tenestetilbodet.

Foto: Bård Siem

Les også: Industrikommunar kan gå på millionsmell

– Bra for verdiskapinga

Forslaget om å fjerne maskinskatten kjem ifrå finansdepartementet. Både Høgre og Frp har lenge meint at dette er eit riktig grep. Også Venstre har signalisert at dei støttar omlegginga.

Statssekretær i finansdepartementet Jørgen Nesje seier at skattekuttet vil gjere at bedrifter kan skape endå fleire arbeidsplassar.

– Dette vil redusere eigedomsskatten for mange bedrifter. Det gir betre forteneste, og gjer ting meir føreseieleg. Det bør vere viktig for desse kommunane, seier Nesje.

Men Kvalen og dei andre ordførarane er ikkje samde.

– For dei store industrikonserna er dette småpengar, men for kommunane det gjeld er det veldig viktige inntekter, seier Luster-ordføraren.