NRK Meny
Normal

Industrikommunar kan gå på millionsmell

HØYANGER (NRK): Regjeringa vil fjerne den såkalla «maskinskatten». Industrikommunar over heile landet taper millionar av kroner kvart år, men bedriftene jublar.

Hydro Høyanger Metallverk sett frå Høgebakkane

MYKJE DYRT UTSTYR: Hydro i Høyanger sit på mykje dyrt utstyr, som dei i dag betalar eigedomsskatt for.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi kan miste så mykje som 10 millionar kroner i året. Det er veldig alvorleg for oss, og det kjem til å gå ut over tenestetilbodet vårt, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).

Ordføraren i aluminiumsbygda Høyanger er berre ein av fleire industriordførarar som er fortvila over regjeringa sitt forslag. Dei borgarlege vil gjere det slik at bedrifter berre betalar eigedomsskatt på bygningar og tomter. Ikkje på utstyr som ligg inne i bygningane.

For selskap som Hydro er det knytt store verdiar til det dyre produksjonsutstyret dei sit på. Meir enn 80 prosent av eigedomsskatten som Høyanger kommune tek inn, kjem ifrå denne «maskinskatten».

Les også: Kraftkommunar fryktar å miste skatteinntekter

Industrigiganten sjølv er likevel strålande fornøgd med forslaget til regjeringa.

– Dette er noko vi har argumentert for, saman med Norsk Industri. Vi meiner det er ein meir føreseieleg måte å rekne ut eigedomsskatt på, seier Halvor Molland, som er informasjonsdirektør i Hydro.

Petter Sortland

GÅR PÅ MILLIONSMELL: Petter Sortland (Ap) og Høyanger går på ein millionsmell om forslaget til regjeringa går igjennom i Stortinget.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Skattetrykket er viktig for oss

Molland forklarer at det er tale om mykje sparte pengar for ei bedrift som Hydro, når dei slepp å betale eigedomsskatt på alt det dyre utstyret dei eig.

– Og skattetrykket er ein viktig faktor når vi vurderer nye investeringer. Vi konkurrerer med bedrifter i utlandet, og er avhengig av konkurransedyktige rammevilkår.

Halvor Molland

GLEDELEG: Hydro tykkjer den varsla omlegginga er gledeleg, fortel Halvor Molland.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

Og finansdepartementet seier at det er nettopp ut av omsynet til bedriftene at dei foreslår omlegginga.

– Dette vil redusere eigedomsskatten for mange bedrifter. Det gir betre forteneste, og gjer ting meir føreseieleg, seier statssekretær i finansdepartementet Jørgen Nesje.

Omlegginga skal ta fem år

Han seier at omlegginga vil skje over fem år, og at det difor bør vere mogleg for kommunane å tilpasse seg dei tapte inntektene.

– Og dei siste åra har det vore ein historisk styrking av økonomien til kommunane. Dei aller fleste kommunar er godt rusta til å takle eit bortfall av maskinskatten, seier Nesje.

Men Sortland i Høyanger har ikkje trua, han gruar seg til å tape millionar kvart år.

– Det blir ei veldig krevjande tid for Høyanger kommune. Om dette går igjennom må innbyggjarane bu seg på dårlegare tenester frå oss.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.