Hopp til innhold

Kraftvelsigning betyr ti millionar kroner i året

Regjeringa velsignar Sognekraft sine planer om å produsere nok straum til over 9.000 husstandar i Leikanger.

Henjaelvi

UTBYGGING: Sognekraft kan starte den omstridde utbygginga av Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sognekraft fekk i dag grønt lys til å starte utbygginga av Henjaelvi og Grindselvi.

Dette samsvarar med tilrådinga både frå Leikanger kommune og grunneigarane.

– Saka har vore veldig omstridd. Fleirtalet ynskte den største utbygginga, medan mindretalet ynskte ei mindre utbygging. Dette har nok gjort at prosessen har teke noko lenger tid, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Lang veg

Jon Håkon Odd (Ap), ordførar i Leikanger

INNTEKTER: Ordførar Jon Håkon Odd (Ap) og Leikanger kommune kan sjå fram til ti millionar i friske inntekter når Leikanger kraftverk kjem i drift.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sju år etter at Sognekraft sende konsesjonssøknaden til NVE, er altså ventetida over. Vegen mot godkjenning har ikkje berre vore lang, den har også vore kronglete. Både bygdefolket og politikarar har protestert mot utbygginga. Mellom anna vart det samla inn 370 underskrifter med krav om folkerøysting.

Kraftverket får ein årsproduksjon på 182 GWh, noko som svarar til straumforbruket til kring 9.200 husstandar. Vatnet blir henta i 600 meters høgde. Byggjetida er sett til kring tre og eit halvt år.

– Å få ein slik aktivitet knytt til ei utbygging på kring 800 millionar kroner betyr mykje i byggjeperioden. Så skal eg heller ikkje leggje skjul på at det medverkar positivt for ein anstrengt kommuneøkonomi, seier ordførar Odd.

Ti millionar årleg

Når kraftverket kjem i drift vil kommunen få ti millionar kroner årleg i klingande mynt frå utbygginga. I byggjeperioden avgrensar inntekta seg til opp til 4,7 millionar kroner årleg i eigedomsskatt.

Når kraftverket kjem i drift kan kommunen plusse på 5,3 millionar kroner i inntekter.

– Det gjer ikkje ein ordførar mindre blid. Eit anna aspekt er at vi aukar produksjonen av grøn kraft og medverkar på ein relativt god måte for å møte framtidige behov i samfunnet, seier Odd.

Snart full pott

Terje Bakke Nævdal

NØGD: Terje Bakke Nævdal og Sognakraft har fått tommelen opp for tre av fire store utbyggingsprosjekt.

Foto: Bjørn Bergum

Med klarsignal til Leikanger kraftverk er tre av fire store utbyggingsprosjekt i Sognekraft-regi ferdig handsama av sentrale styresmakter. Konsesjonssøknaden for Offerdal kraftverk ligg til behandling hos Olje- og energidepartementet.

Seks småkraftverk rundt Fjærlandsfjorden er under bygging. I tillegg har både Leikanger kraftverk og Feios kraftverk fått klarsignal. Sistnemnde med ein årsproduksjon på kring 92 GWh.

– No har vi grunnlaget som skal til for å sikre gode økonomiske føresetnader for å gjennomføre prosjektet, seier Terje Bakke Nævdal i Sognekraft.