Hopp til innhold

Usemje om kraftutbygging

Sognekraft søkjer konsesjon for ei stor kraftubygging på Leikanger.

Kraftverk
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Utbygginga er kostnadsrekna til 500 - 600 millionar kroner og skal kunne produsere straum tilsvarande årsforbruket til 9000 husstandar. Sognekraft skal stå for utbygginga på vegne av eit 50-tals grunneigarar på Leikanger.

- Vi vil utnytte litt av reguleringa som allereie finst i Store Trastedalsvatnet. Det vert i praksis eit elvekraftverk, der ein er avhengig av tilsiget frå elvane. Det vert ingen nye dammar, seier produksjonssjef i Sognekraft, Jacob Hornnes.

- Bør seie nei

Men sjølv om det ikkje skal byggast damanlegg, meiner Jan Sigurd Haugen, som er leiar i SV på Leikanger, at inngrepa vert for store.

Haugen meiner at dette er eitt av få område i midtre Sogn som verkeleg kan kallast villmark. Difor synest han at ein bør seie nei til utbygginga, trass i at det kunne ha gjeve kjærkomne inntekter til grunneigarar og kommunen.

- Urørt natur vert viktig for generasjonane som kjem. Så viktig at gevinsten for kommunen og grunneigarane må vike, seier Haugen

God ekstrainntekt

Den 26. mars skal det vere folkemøte om utbyggingsplanane i Leikanger. Sjølv om også ordførar Olav Lunden ser utfordringane med ei så stor utbygging, ser han også dei økonomiske fordelane for kommunen.

- Det er ikkje heilt avklart kor mykje vi kan tene. Men når det gjeld skatteinntekter reknar vi med å tene om lag 6-8 millionar i året, seier Lunden.

Naturkonsekvensar

Trass i at det ikkje vert neddemming, er det snakk om ei stor utbygging. Det er planlagt elleve bekkeinntak på 600 moh., noko som vil føre til redusert vassføring.

Ordførar Lunden ser også at det vil verte ei naturmessig utfordring byggje 16 km tunnel, massane frå tunnelbygginga må ein sjølvsagt dumpe ein plass.

Jan Sigurd Haugen fryktar at konsekvensen av ei slik utbygging vil verte at kommunen vert mindre attraktiv.

- Det kan få ein symboleffekt. Trekkplasteret for Sogn og Fjordane er nettopp naturkvalitetane som vi er så opptekne av å ta vare på.