Hopp til innhold

Ønskjer nordfjordingane velkomne til Møre

Nordfjordingane er velkomne til å bli ein del av Møre og Romsdal. Dette seier Frank Sve, fylkesleiar for Frp i Møre og Romsdal. Sve jobbar for at Møre og Romsdal skal halde fram som i dag, men tek imot Nordfjord med takk, dersom Stortinget ønskjer det.

Frank Sve (Frp)

JA TAKK: Frank Sve blir ikkje lei seg om Nordfjord går nordover.

Foto: Gunnar Sandvik

– Eg forstår at mange nordfjordingar ser nordover. Eg trur mellom anna at næringslivet ser vi er meir effektive i Møre og Romsdal, seier Sve.

Så du er positiv til at Nordfjord blir ein del av Møre og Romsdal dersom Stortinget skulle ønskje det?

– Eg vil ikkje bli lei meg for det. Nordfjord og Sunnmøre har svært mykje til felles, seier Sve, som er tidlegare ordførar i Stranda kommune på Sunnmøre.

Næringslivet ser at vi er meir effektive i Møre og Romsdal.

Frank Sve

Store regionar

Regjeringa har signalisert at dagens 19 fylke skal reduserast til om lag 10. Høyringsprosessen er framleis ikkje avslutta og fylkestinga kring om i landet skal seie sitt innan utgangen av året.

Politikarane i Møre og Romsdal har vore klare på at dei ønskjer at fylket skal halde fram som i dag. Men med eit stort vestlandsfylke i sør og eit samanslått Trøndelag i nord kan stortingspolitikarane kome til at Møre og Romsdal blir for små.

Sve seier det er uaktuelt å legge opp til ein formell politisk prosess for å få Nordfjord innlemma i Møre og Romsdal. Samtidig minner han om at det er Stortinget som avgjer saka.

Kritisk fylkesordførar

Helge Andre Njåstad, leiar i kommunalkomiteen på Stortinget og partifelle med Sve, har tidlegare vore klar på at Nordfjord bør inn i Møre og Romsdal.

Jenny Følling

NEI TAKK: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) har liten sans for å skilje Nordfjord frå fylket.

Foto: Bård Siem / NRK

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, ser ikkje vekk frå at regjeringa ser føre seg nettopp ei slik løysing, ei løysning Følling sjølv har svært liten sans for. Ho meiner Sve prøver å mele si eiga kake på vegner av Møre og Romsdal.

Eg kjem ikkje til å legge opp til at fylket vårt skal splittast.

Jenny Følling

– Eg forstår Sve si eigeninteresse i å styrke sitt eige fylke. Eg kjem ikkje til å legge opp til at fylket vårt skal splittast. Dette har eg full ryggdekning for både i fylkestinget og i Nordfjordrådet, seier ho.

Ser nordover

Rolf Domstein, konsernsjef i Domstein-konsernet i Måløy, ønskjer ikkje å splitte opp dagens Sogn og Fjordane. Samtidig kan han også leve godt med at Nordfjord blir ein del av Møre og Romsdal.

Rolf Domstein

Rolf Domstein i Domsteinkonsernet ser ikkje svart på om Nordfjord skulle bli ein del av Møre og Romsdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vi i fiskerinæringa i Måløy-området føler oss like mykje som sunnmøringar som fjordingar.

Rolf Domstein

– Vi i fiskerinæringa i Måløy-området føler oss like mykje som sunnmøringar som fjordingar. Vi har like gode kontaktar nordover som sørover.

Men er det slik at de har meir samarbeid med Sunnmøre enn med Sunnfjord?

– Ja, i enkelte samanhengar har vi det og ikkje minst i fiskerinæringa. Også andre delar av næringslivet langs kysten har eit nært samarbeid nordover. Vi er opne vi for å tenkje meir nordover, seier Domstein.