Hopp til innhold

Splitta Nordfjord seier nei til Sunnmøre

Eit stort fleirtal i Reisemål Stryn & Nordfjord sa i ettermiddag nei til fusjon mellom reiselivsselskapa på Nordvestlandet. – Vi trur selskapet har ei framtid, seier Richard Grov i Hotel Alexandra.

Richard Grov og Sven Flo

HOVUDAKSJONÆRAR: Stryn kommune, her representert ved ordførar Sven Flo (t.h.), og Richard Grov og Hotel Alexandra er dei største aksjonærane i destinasjonsselskapet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Under dagens generalforsamling hotelldirektøren frå Stryn med ei klar oppmoding om å røyste nei til samanslåing med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Destinasjon Geiranger-Trollstigen.

Teljekorpset under generalforsamlinga til Reisemål Stryn & Nordfjord

TALDE: Teljekorpset under generalforsamlinga til Reisemål Stryn & Nordfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

Han vart høyrd. Nær 18.000 av 22.000 aksjepostar stemde nei. No vil dei tilføre Reisemål Stryn & Nordfjord meir kapital.

– Gjennom prosessen har det kome fram ei stemning om at det er vilje til å investere meir i selskapet. Selskapet må ha midlar til å drive så offensivt at ein viser att i marknaden, og er i stand til å lage pakkar der merkevarenamna kjem tydeleg fram, seier Richard Grov

Glad for stort fleirtal

Det har vore arbeidd med fusjonen i eitt år og styret i Nordfjord tilrådde fusjon. Men nordfjordingane er splitta i synet. Hovudaksjonær Stryn kommune røysta nei, det same gjorde Selje kommune. Representanten for Eid og Vågsøy kommunar røysta ja til samanslåing nordover, dette trass i at Vågsøy har vedteke å melde seg ut av selskapet, uavhengig av utfallet på generalforsamlinga.

Styreleiar Åge Starheim og adm. dir. Marita Sylvi Lindvik i Reisemål Stryn & Nordfjord

TIL VITANDE: Styreleiar Åge Starheim, her saman med adm.dir. Marita Sylvi Lindvik, tek vedtaket til vitande.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fleire har sett behovet for eit kraftigare reisemålsselskap med meir økonomiske musklar til å ta opp kampen om turistane som kjem frå heile verda. Styreleiar Åge Starheim er glad for at fleirtalet vart så stort.

– Det er bra at fleirtalet var så klart at vi ikkje har det å streve med framover. Hadde det vore knapt, altså berre så vidt båten bar, så ville situasjonen vore verre, seier han.

Generalforsamling i Reisemål Stryn & Nordfjord

ØKONOMI: Eitt av stikkorda som gjekk att hos forsamlinga var økonomi og offensiv satsing i marknaden. – Målet er å skape nye produkt så du trekker til deg gjester, som igjen legg att pengar som blir avgifter, skatteinntekter og skaper arbeidsplassar, seier Richard Grov.

Foto: Silje Guddal / NRK

Mål å bli større

Richard Grov vart sjølv vald inn i styret og får vere med på å forme ut det framtidige destinasjonsselskapet. Sjølv om han i denne omgang er negativ til samanslåing, er han ikkje negativ til større einingar.

I framtida.

– Selskapet har ei framtid og vi trur at selskapet må få litt ro på seg, og meisle ut ei retning som naturlegvis inneber eit samarbeid og større einingar ein gang i framtida. Det må vere målet, seier han.

– Starheim seier Nordfjord sprikar i alle retningar i saka. Korleis kan ein då samlast og lage noko kraftig?

Samlar inn røystene under generalforsamlinga til Reisemål Stryn & Nordfjord

SAMLA INN: Generalforsamlinga har sagt sitt og røystene blir samla inn.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi trur ein må ha tydeleg fokus på å utvikle gode produktpakkar, der ein viser fram merkevara i regionen. På den måten skaper ein også resultat. Då trur eg interessa for å vere med og å byggje opp selskapet framover vil vere til stades.

Mindre samanslåing

Generalforsamlinga gav styret i oppdrag å greie ut 3 ulike alternativ for framtidig organisering for å vere rusta og økonomisk klar for framtida.

Alternativa skal vere klare til ei ekstraordinær generalforsamling i slutten av september.

– Noko lyt skje. Vi kan ikkje halde fram Reisemål Stryn & Nordfjord som tidlegare. Vi må gjere endringar, omorganisere det som har vore og kanskje jobbe mot andre interessentar i regionen, seier Starheim og nemner ein mindre fraksjon med til dømes Indre Sunnmøre, Sogn eller Gudbrandsdalen.

Slagkraft

Starheim er klar på at Nordfjord må ha eit slagkraftig selskap for å kunne kapre kundar og reisande.

Han meiner alt ligg til rette for at ein skal klare å ta kampen.

– Det blir hevda at Nordfjord er indrefileten i reiselivet i Norge. Reisemåla er her, heilt frå ytre kysten til Indre Nordfjord har vi ei mengd gode reisemål. Då er det å få vite om noverande eigarar av Reisemål Stryn & Nordfjord er viljuge å satse noko vidare. For marknaden er knallhard når det gjeld reiseliv, avsluttar han.