Hopp til innhold

Vil jakte jerv med helikopter etter store tap av sauer

Dei store sauetapa i Fjærland gjer at det på nytt kan bli sett i gang helikopterjakt etter jerv til vinteren.

Jerv
Foto: BBC

Dei siste dagane har det kome fram at to bønder kan ha mista så mange som 200 sauer på beite, og så langt har ikkje den ordinære lisensjakta nytta.

– Det er pining, for det er ikkje alltid sauene er drepne. Ofte finn vi tarmar og då kan vi følgje dei for å finne sauen, seier sauebonde Arnold Berge i Fjærland.

På Vestlandsrevyen i går fortalde han om jerven som har herja i sommar. Sauebøndene er fortvila over at mange sauer er skadde og drepne av jerv

Viltrådgjevar Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane veit kva det sauebonden fortalde på Vestlandsrevyen i går betyr

– Det er snakk om at dei manglar 200 sauer, dei fleste er lam. Dette er store tal, seier Mjeldstad.

Kontroversiell avliving

Dei siste fem åra har 27 jervar vorte avliva i Luster, Årdal og Lærdal frå, eller ved hjelp av helikopter.

Mjelstad sine råd veg tungt når Direktoratet for Naturforvaltning tek stilling til den kontroversielle avlivinga. Han trur konsekvensen av sauedrapa i Fjærland blir nye helikoptertokt.

– Med den erfaringa vi har frå tidlegare vintrar, er dette mest sannsynleg. Men det det fleire ulemper, som ressursbruk. Det er ei dyr form for jakt. I tillegg er helikopterjakt og uttak i jervehi kontroversielle måtar å ta ut jerv på.

Har seks løyver

Det er til ei kvar tid seks lisensløyve for vanleg jervejakt ståande i Indre Sogn, men i den siste femårsperioden har det berre vorte teke ein jerv på denne måten.

– Eg vil tru at om det ikkje blir tekne ut jervar på lisensjakt, då må Statens naturoppsyn inn i Fjærland for å spore opp den jerven som har vore der, seier han.

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAKA: Sauebønder i Fjærland har mista nær 200 dyr på beite i sommar. No ønskjer bøndene jaktløyve på Jerv. I nabokommunen Luster har jervejakt ført til færre sauedrap.