Hopp til innhold

Vil ikkje avlive jerv med det same

Streifdyr som jerv skal kunne finnast i fylket utan at dei automatisk får dødsdom. Det meiner Naturvernforbundet.

Jerv avliva i Luster 14. mars 2013

FELT, MEN: Denne jerven er ein av fire som har blitt avliva i Sogn og Fjordane så langt i år. Bøndene uroar seg for dei to jervane som framleis kan streife i fjella, medan Naturvernforbundet meiner streifdyr ikkje skal kunne fellast automatisk.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.

Hittil i år er seks jervar registrert i Sogn og Fjordane. Fire av dei er felt, men bønder i Indre Sogn er uro over dei to jervane som framleis kan streife rundt i fjella.

Jerven blei freda i Sør-Norge i 1973. I 1982 blei den freda i heile landet.

Fagleiar for naturmangfald, Arnodd Håpnes, i Naturvernforbundet meiner at forvaltninga tek for lite omsyn til Stortinget sine bestandsmål for rovdyr. Han meiner det er for enkelt å få fellingsløyve for rovdyr som jerv.

– Jerven er ein sterk truga art og eit freda dyr i Norge. Vi har ein liten marginal bestand sørvest i Norge som treng alle dyra den kan få. Difor er det viktig at ikkje alle vert skotne i vestlandsregionen og i Sogn og Fjordane, seier han.

– Streifdyr er lov

Naturvernforbundet meiner jerven i fjella her er viktig i bidraget med å halde oppe ein levedyktig bestand av jerv i Sør-Norge. Håpnes meiner det blir for enkelt å avlive dei med ein gong.

– Det vert ofte sagt at det ikkje skal vere jerv i Sogn og Fjordane eller i andre delar av region 1 på Vestlandet. Men det er feil. Stortingsforliket seier at det ikkje skal vere ynglande jerv i Sogn og Fjordane, men det skal få lov til å vere streifdyr av jerv der.

– Og det er viktig at dei får vere der.

Forstår at bøndene vil bli kvitt jerven, men ...

– Sogn og Fjordane er eit fylke med mykje bønder. Forstår du at bøndene er redde for å miste dyra sine? Dei kan jo risikere å tape opp mot 100 dyr på ein jerv.

– Vi forstår at når bønder har store tap av sau til rovdyr, så er det eit ønske om å skyte. Naturvernforbundet aksepterer uttak av rovdyr når det er store omfattande skadar på buskapen.

– Men før det skjer er vi negative til at rovdyr skal skytast berre fordi dei rører seg i eit fylke eller område.

– Meir is i magen

Han meiner ein må avvente til det eventuelt har skjedd ein skade. Og at ein først då kan skyte jerven.

– Det er jo eit treff frå næringssida som gjer at forvaltninga i vårt syn blir for enkelt å få skadefelling før det er gjort skade på sau.

– Vi meiner ein skal ha meir is i magen før ein setter i gang jakt på rovdyr. Det må vere påvist store skadar før ein kan tillate jakt.