– Vi har registrert seks ulike dyr i år, fire av dei er felt, seier viltansvarleg Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn.
Men framleis er det to jervar som kan streife rundt i fjella i Indre Sogn.
FIRE AV SEKS: Viltansvarleg Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn seier dei har felt fire jerv.
Foto: Arve Uglum / NRK– Vi veit dei er der, men vi har ikkje sett dei, så per dags dato veit vi ikkje konkret kor dei er, seier Golf.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Færre ynglande jerv
Så langt i år er det ikkje funne ynglande jerv i Sogn og Fjordane.
Også på landsbasis er det registrert langt færre ynglande jerv enn sidan 2002 syner tal frå Rovviltdata.
I sommar er det ein stad mellom 15–20 tusen sauer i fjella i Indre Sogn, med andre ord eit ynda matfat for rovdyra.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kan ta 100 sauer
Sauebonde Erling Offerdal er finn lita trøyst i at fire jerv er tekne ut.
– Alle bøndene er uroa no, og det bør vi vere framover og. Sjølv om dei har teke ut fire jerv i år, så er det att minst to til, seier Offerdal.
Sjølv trur bonden det kan vere enda fleire.
– Vi får berre håpe at det går bra, men eg er veldig usikker på sesongen.
– Kor stor skade kan dei to jervane gjere?
– No veit vi at det er ei tispe ifølgje DNA-prøvane, og dersom ho har planar om å etablere seg på desse kantar til neste år, så er det ikkje uvanleg at ho han ta opp mot 100 dyr åleine. Det har vi erfart tidlegare, seier bonden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: