Hopp til innhold

Olav og Per heiar framleis på samanslåing

MÅLØY/SELJE (NRK): Folk i Selje og Vågsøy er spente før morgondagen. Då får dei svaret på om Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil slå dei saman eller ikkje.

Olav Sølvberg og Per Hennøy

SPENTE: Olav Sølvberg og Per Hennøy i Vågsøy er begge tilhengarar av ei samanslåing av Selje og Vågsøy.

Foto: Bård Siem / NRK

Olav Sølvberg og Per Hennøy i Vågsøy er begge tilhengarar av det første.

– Eg har eigentleg ivra for ei samanslåing. Tradisjonelt sett har vi hatt mykje samkvem med Selje. Eg må seie mange av oss var veldig skuffa då folkerøystinga i Selje gjekk imot eit samarbeid på kysten, seier Olav Sølvberg.

Legg fram si tilråding

Over heile Sogn og Fjordane er det knytt stor spenning til fylkesmann Anne Karin Hamre si tilråding om korleis kommunekartet i fylket skal sjå ut.

Etter det NRK kjenner til, tilrår Fylkesmannen å køyre over folkeviljen i Leikanger og slå kommunen saman med Balestrand og Sogndal.

Ting kan tyde på at det er ting på gang også i ytre Nordfjord.

Ja og nei

I folkerøystinga i vår måtte innbyggjarane i Selje og Vågsøy ta stilling til om dei ville bli del av ein storkommune, med Vågsøy, Selje og Vanylven.

Fleirtalet i Selje sa nei til å bli del av ein større kommune, medan fleirtalet i Vågsøy sa ja.

I morgon blir det altså klart kva råd Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil sende vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Trur på samanslåing

Også Per Hennøy håpar innstillinga blir å gå for ein kommune der Vågsøy og Selje blir slått saman.

– Absolutt. Eg syns det ville vere ganske naturleg. Selje ville tilføre oss ressursar som vi etter kvart held på å miste, eg tenker då på den store fiskeflåten dei har, seier han.

– Har du ingen motførestillingar?

– Eigentleg ikkje.

Vil ikkje kommentere

I Selje har Gerd Kjellaug Berge ikkje gjort seg opp noko meining om Selje og Vågsøy som ein kommune. Ho er heller tilhengar av at heile Nordfjord blir ein kommune.

– Det er det eg er for, noko anna syns eg er lite interessant å diskutere, seier ho.

NRK har vore i kontakt med ordførarane i Vågsøy og Selje. Ingen av dei vil i dag kommentere saka.

Du kan følgje framlegginga av tilrådinga frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane direkte i nett-tv i morgon frå klokka 12.55.