Hopp til innhold

Klart ja, men skuffande oppmøte i Vågsøy

MÅLØY (NRK): 25 prosent av dei røysteføre i Vågsøy har sagt si meining om kommunen skal bli del av nye Stad kommune eller ikkje. Politikarane er skuffa over engasjementet.

Av dei som møtte opp røysta fleirtalet ja til samanslåing i Stad kommune.

JA: Av dei som møtte opp røysta fleirtalet ja til samanslåing i Stad kommune.

Foto: Eva Marie Felde

– Det var fort gjort, sa politikarane lakonisk etter at valresultatet var klart.

For berre ein knapp time etter at teljekorpset møttest for å finne ut om innbyggjarane ville seie ja eller nei til Stad kommune, saman med Selje og Vanylven, var resultatet klart. 56 prosent av dei som røysta sa ja til samanslåing, 35 prosent sa nei, og 9 prosent røysta blankt.

– Låg oppmøteprosent er det første eg registrerer. Eg skulle ynskje den var høgare for å gje oss eit klarare råd. Samstundes er det fleirtal for ja. Så det gir oss politikarar sjansen til å diskutere vidare, seier ordførar Kristin Maurstad.

Laster innhold, vennligst vent..

Fekk stadfesta uroa

Også dei andre politikarane i kommunen er skuffa over at få møtte opp for å røyste. Nils Myklebust frå Senterpartiet trur det er eit uttrykk for at mange ikkje har skjønt kvifor det var viktig å stemme.

– Folk veit ikkje kva dei skal ta stilling til. Det er uklart kva mål ein har hatt, seier Myklebust.

Stemmene skal teljast opp i Vågsøy

OPPTELJING: Få stemmer gjorde at jobben gjekk raskt i Vågsøy. Kristin Maurstad til høgre er skuffa over låg deltaking.

Foto: Eva Marie Felde

Senterpartiet i Vågsøy har støtta opp om samanslåing, og det same har ordførar Kristin Maurstad. På førehand var ho uroa for at det kunne bli lågt oppmøte.

– Folk tenkjer kanskje at det ikkje blir så stor skilnad, og det har ikkje vore konflikt om alternativ. Nokre har også sakna alternativ sørover mot Bremanger og Flora, seier ho etter at resultatet er klart.

Ho vil ikkje ta sjølvkritikk på at politikarane har gjort for lite for å skape meir engasjement hjå innbyggarane.

– Det har vore mykje fokus på kommunereform siste tida, så folk har kunne få den informasjonen dei treng. På folkemøta har det vore lite folk også, fortel ein skuffa ordførar.

Torsdag skal politikarane i Vågsøy møte Selje og Vanylven for å diskutere vegen vidare. Både Myklebust og Maurstad meiner ein har fått eit klart råd frå innbyggjarane, og ventar i spaning på kva som skjer i dei andre kommunane.

– Seier Selje nei, så må vi forhalde oss til det. Vi kan ikkje gifte oss med nokon som ikkje vil, seier Myklebust.