Hopp til innhold

Nyskipa teaterfestival til finalen

Til hausten er det duka for teaterfestival i Dale i Sunnfjord. Initiativtakarane håpar den klatrar heilt til topps som «Årets Kulturidé».

Skipar til teaterfestival i Dale.

NYSKIPING: Kultursjef Ingeborg Tysnes (f.v.), Scenekunstnar Miriam Prestøy Lie og produsent Ingrid Hansen er mellom aktørane som står bak den nyskipa teaterfestivalen i Dale.

Foto: Birger Meland / NRK

Med Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen og fleire etableringar innan biletkunst, design, litteratur og scenekunst er sunnfjordbygda for eit frodig miljø av profesjonelle kunstnarar.

No går dei, kommunen og kulturføretaka saman om det som blir fylkes første teaterfestival.

– «To be international you have to be local», er det nokon som har sagt. Det er vårt motto i år, seier Miriam Prestøy Lie.

Vil ha scenekunst

Lie er ein av idéskaparane, og har saman med sambuaren Torkil Sandsund etablert produksjonsselskap i Dale. Dei har mellom anna sett opp stykket «Urmakarens hjarte».

Med base i Fjaler har dei laga fleire profesjonelle scenekunstproduksjonar for turné.

Urmakarens hjarte

URMAKAR: Sandsund/Lie fekk mykje ros etter framsyninga «Urmakarens hjarte».

Foto: Olav Reiakvam

– Samstundes ser vi at det er mykje spennande som skjer i det frie scenekunstfeltet som ikkje kjem til Sogn og Fjordane. Då melde det seg eit ynskje om å lage ein årleg festival for fri scenekunst, fortel ho.

Jakob Sande-tunet

Som sagt så gjort. 3.–13. oktober er det duka for akkurat festival, med både framsyningar og arbeidssymposium. Mykje av aktiviteten blir truleg lagt til Tusenårsstaden og Jakob Sande-tunet.

Temaet blir «Perfiere forteljingar» og scenekunstnarar frå både inn- og utland er inviterte. Festivalen har ei kostnadsramme på 500.000 kroner og dei har søkt om nasjonale, regionale og kommunale midlar.

– Eg kan med glede seie at alle søknadene vi har fått svar på til no, har gått inn. Vi har nok pengar til å gjennomføre visningane, seier Ingrid Hansen, som er produsent av yrke.

– Strålande idé

Som ein av fire medlemer i juryen for «Årets Kulturidé», er jurymedlem Hilde Bjørkum over seg av begeistring.

Hilde Bjørkum

POSITIV: Hilde Bjørkum.

Foto: Bent Are Iversen

Ho sit i juryen saman med Kristin Sandal, Edvin Helgheim og leiar Pål Fidjestøl. Saman med publikumsrøystene skal dei avgjere kven som stikk av med 100.000 kroner .

– Det er ein strålande idé å byggje på den kompetansen som finst i Fjaler på dette feltet. Det verkar veldig bra gjennomtenkt, seier ho og vedgår at tanken på eit slikt arrangement på dei tenkte lokalitetane fell i smak.

– Alfa og omega

– Samstundes er det veldig bra at verkeleg profesjonelle folk som går inn. Det er røynde folk som har gjort teaterkonsept før med stor suksess. Det å ta med seg slike profesjonelle folk inn i ein festival, trur eg er alfa og omega, held Bjørkum fram.

Juryen peikar likevel på det dei meiner kan bli tekniske utfordringar. Det syner deler ikkje Hansen.

– Eg trur eg kan seie at ingenting er overlate til hendingane, gliser ho.

Relevant kulturoppleving

Arrangørane legg opp til minimum to visningar for kvar framsyning, og vil legge til rette for samarbeid med både skular og institusjonar. Med på laget er også den kulturelle skulesekken.

Hansen trur publikummarar i alle aldrar vil ha glede av festivalen.

– Ynsket er å styrke det faglege scenekunstnettverket rundt Dale, samstundes som vi ynskjer å skape relevante og interessante kulturopplevingar, seier dei.

Glad for målgruppa

Kultursjef Ingeborg Tysnes er kommunen sin representant i arrangørstaben.

– Eg tenkjer at dette er eit resultat av kunstnarmiljøet vi har, og endå eit tilskot til det kulturmangfaldet vi meiner vi har. Målgruppa er ungdom, og eg er glad for det, seier ho og fortel at kommunen er tungt inne med midlar gjennom det kommunale bulystprosjektet "Preform".

Berre starten

Hansen både håpar og trur at festivalen i år blir ein av mange i rekkja. Juryen er på si side spent på korleis dei i marknadsføringa skal klare å heve seg over det jamne teaterkonseptformatet for å trekkje publikum.

Skulle dei bli så heldige å klatre heilt til topps i kåringa, meiner Hansen at midlane skal vere til glede for alle.

– Vi tenkjer Dale som heilskap, og vi må investere i noko som kan vere til glede for alle. Det blir nok på utstyrssida, seier ho.