Vil lage møteplass der eldre kan tøye og sprenge sine eigne grenser

Ein møteplass der seniorane kan tøye og sprenge sine eigne grenser. Slik kan ein kort beskrive ideen som Sogndal folkehøgskule håpar skal bli årets kulturidé.

Dei står bak Seniorcamp - frå venstre Anne Lise Brandshaug, rektor Mai Evy Bakken og Finn Loftesnes.

MØTEPLASS: Anne Lise Brandshaug, May Evy Bakken og Finn Loftesnes står bak ideen 'Seniorcamp'. Det skal vere ein møteplass der eldre får vere saman om både aktivitetar og opplevingar.

Foto: Birger Meland / NRK

– Vi opplever at seniorar, dei på 50 pluss er friske og raske og dei lever i mange år. Dei har veldig lyst å bruke seg sjølve, tøye og sprenge grenser.

Det fortel rektor ved Sogndal folkehøgskule May Evy Bakken.

Skulen har no fått ideen om det dei kallar Seniorcamp ned på papiret og prøver lukka i konkurransen der Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og NRK Sogn og Fjordane deler ut 100.000 kroner til den beste kulturidéen.

Og ideen deira fall i smak hos juryen som har plukka Seniorcamp ut som ein av ti finalistar.

44 søkte – ti med vidare

I år som i fjor vil Sparebankstiftinga og NRK setje fokus på kulturentrepenørane – dei som står bak alle dei flotte arrangementa og tilboda vi har i Sogn og Fjordane. For mange kan 100.000 kroner vere det som får fart på ideen, medan det for andre kan bringe konseptet til nye høgder.

44 søknader har kome inn til juryen, og dei har no plukka ut ti finalistar. Desse blir presenterte i nettsidene til NRK Sogn og Fjordane og i dagsending på radio kvar tysdag og torsdag framover.

I fjor var det Utkantfestivalen som stakk av med prisen.

Møteplass

May Evy Bakken ved Sogndal folkehøgskule seier dei synest det er spennande å jobbe med seniorar, og at det å byggje opp eit rikhaldig og spennande tilbod til dei er målet med Seniorcamp.

– Vi tenkte at det måtte vere flott om vi kunne lage ein flott og spennande møteplass for seniorar.

Seniorcamp er tenkt som ei samling av eldre kvar sommar, der dei eldre kan få dyrke felles interesser. Her skal dei bli utfordra på nye aktivitetar med alt frå dans, klatring, kajakkpadling til kulturvandring til gamle kyrkjer. Dei skal bu og leve saman i ei veke eller to og får vere med på mange spennande aktivitetar i nærområdet.

– Det handlar om aktivitet, samvær, kunnskap og oppleving, seier Bakken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndalsdalen sett frå stien opp til Togga

FLOTTE KULISSER: Den flotte naturen i Sogndal og områda rundt blir flotte kulissar for det initiativtakarane håpar skal bli ein møteplass for aktive og engasjerte eldre.

Foto: May Anita Reppen

Kultur, natur og dans

Finn Loftesnes som har jobba som lærar på skulen i over 30 år er blant dei som er med i gjengen bak ideen.

– Sogndal og området rundt har ein fantastisk natur, og vi har mykje kulturminner. Vi har gode moglegheiter til å vise korleis landskapet er skapt.

– Fjordlandskapet til dømes er laga av aktive brear, som vi til dømes har i Jostedalen, seier han og seier formidling av denne kunnskapen er viktig.

Ein annan bidragsytar er Seniordansen. Den første Seniorcampen vil gå vere knytt til den, men allereie frå neste år vil initiativtakarane gå lenger.

Anne Lise Brandshaug i Seniordansen seier dei aktive medlemmene dei har er eit godt utgangspunkt for å få vidare med å få til meir aktivitet for eldre.

– Mottoet vårt er dans for glede, dans for livet. Det er glede, koordinering, og hjernetrim like mykje som fysisk trim. Det fremjar god helse, seier ho.

– Ei mangelvare

Og nettopp ein kombinasjon av både natur og kultur er det som skal danne grunnlaget for Seniorcampen.

– Friluftsliv, klatring, kajakkturar, song, foto. Det er nesten ikkje grenser for kva ein kan drive med saman med seniorar, seier Bakken.

Ho seier dei ikkje kunne la sjansen gå frå seg når dei såg at den beste kulturidéen i Sogn og Fjordane får 100.000 kroner av Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane.

– Vi meiner vi har eit veldig bra konsept som må fram i lyset. Det å ha ein møteplass for seniorar er ei mangelvare, seier ho og legg ikkje skjul på at ho er spent på vegen vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå venstre: Hildur Dvergedal, Jorunn Brekkeflat, Ingeleiv Kvam og Aud Ertesvåg.

GLER SEG: Desse damene er allereie aktive på Seniordansen, og gler seg til eit tilbod med Seniorcamp står klart. Frå venstre: Hildur Dvergedal, Jorunn Brekkeflat, Ingeleiv Kvam og Aud Ertesvåg.

Foto: Birger Meland / NRK

– Ei nyskaping

Juryen består av Pål Fidjestøl, direktør for Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, Hilde Bjørkum, direktør i Førdefestivalen, Edvin Helgheim, prosjektleikar i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kristin Sandal som er jobbar i Norsk Country Treff.

– Dette er ein vaskeekte kulturidé, ei nyskaping som ikkje finst i Sogn og Fjordane. Om det er behov for dette, og det kan rikje fylket vårt, så må vi ta dei med vidare, seier Fidjestøl om ideen.

Vil vite meir

Men sjølv om juryen altså har late seg imponere av Seniorcamp, er det også ting dei vil vite meir om.

– Det som kan vere utfordringa er at dagens seniorar ikkje vil bli definert som seniorar. Dei vil vere med på dei vanlege aktivitetane rundt omkring, så det kan bli vanskeleg å dra dei til noko som blir definert som senior, seier Edvin Helgheim.

Juryen vil også ha ein klarare definisjon av målgruppa, dei meiner tilbodet må spissast, og vil vite meir om kva målgruppa ønskjer det.

– Mange moglegheiter

Bakken er klar over at dei har nokre utfordringar med ideen.

– Juryen peikar på utfordringar vi har sett, og nokre som er nye. Men det er til hjelp for oss i det vidare arbeidet, seier ho.

– Den største utfordringa vår er at vi ser så mange moglegheiter, så blir nøydde å avgrense oss litt, seier ho. Men det skal gå fint seier ho vidare og viser til at dei har mange dyktige folk med seg på laget.

Når alle dei ti finalistane er presentert vil det bli ei avstemming der alle kan vere med å bestemme kva kulturidé som er den beste.

Lovar å stå på framover

Om Sogndal folkehøgskule og deira Seniorcamp går av med sigeren skal prispengane på 100.000 kroner kome godt med lovar Bakken.

– Eg har nesten ikkje tort tenkje på kva vi skal bruke dei til. Det er nesten som når du vinn i Lotto, det kjem litt brått på.

– Men det er ikkje tvil om at dersom vi skal satse skikkeleg på dette så vil det krevje arbeidsinnsats, og det skal marknadsførast, så det er ein klart ein slik sum vil kome godt med.

Juryen vil også ha eit ord med i laget når det skal avgjerast kven som stikk av med prisen for «Årets Kulturidé 2013». Vinnaren blir presentert den 14. juni, på ein stor fest i hagen hos NRK Sogn og Fjordane.

– Vi er spente. Eg hadde ikkje rekna med vi skulle kome med, men når vi først er det så skal vi stå på, seier Bakken som altså representerer den første finalisten.