Hopp til innhold

No vil Unni ta kulturopplevingane heim i stovene til folk

Ho vil at kulturen skal kome heim i stovene til folk. No kjempar Unni Løvlid og dei andre bak «Brått-festival» om tittelen årets kulturidé.

Unni Løvlid

TEK SATS: Folkemusikaren Unni Løvlid står i bresjen for ein ny festival i Hornindal.

Folkemusikk, korpsmusikk, biletkunst og andre kulturopplevingar i ei vid breidde skal no treffe folk i Hornindal - og gjerne langt utanfor kommunegrensene.

Og den nye festivalen «Brått-festival» er blant finalekandidatane til årets kulturidé som NRK og Sparebanken Sogn og Fjordane står bak. Dei skal dermed vere med og kjempe om 100.000 blanke kroner.

Midlar frå næringsfondet

Initiativtakar Unni Løvlid kan fortelje at i fjor tok Hornindal kommune kontakt med ho fordi dei hadde lyst å få til ein årleg folkemusikkfestival.

– Så såg på nyåret at kommunen måtte kutte i kulturbudsjettet no på nyåret, så tok eg kontakt med dei for kanskje å finne nye måtar å få opp kulturen på. Kommunen har jo veldig lyst å få til ting. Kommunen gjekk inn med midlar frå næringsfondet. Og no skal vi lage ein «plutseleg-festival», eller «Brått-festival» som vi har valt å kalle det, i Hornindal, fortel Løvlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henrik med torader
Foto: Eva Gjervan

Likar at ting skjer brått

For den profesjonelle folkmusikaren er dette ein idé heilt i hennar ånd og ho likar tanken om kunne vere med og utvikle ein kulturidé heil utanom det vanlege.

– Dette er nok eit namn som passar godt til meg. Eg likar at ting skjer fort og at ein får realisert ting. Og at ein handlar utfrå initiativ frå den ein jobbar i lag med. Eg likar å få ting til å skje. I Hornindal er det mange som har lyst å byggje og å få ting til, vere kreative og realisere dette her.

Vil heim i stovene

Noko heilt nytt med «Brått-festival» i Hornindal er at dei ønskje å nå bokstaveleg tala heilt heim til folk. Rundt om kring i kommunen vil folk som ønskjer det få besøk av musikarar eller forteljarar.

– Då ønskjer vi å nå dei som vanlegvis ikkje orkar å reise på ein konsert. I staden for at dei ikkje får tilgong på desse tilboda, så kjem vi inn i heimen til folk og lagar lagar kulturopplevingar i folk sin kvardag. Kvar musikar skal og ha med seg vaffeljern og vaffelrøre, kaffi og godt humør. Tanken min er at alle stader og alle heimar kan vere eit kulturhus.

– God idé

Hilde Bjørkum

GODT NØGD: Jurymedlem Hilde Bjørkum.

Foto: Vidar Helle

Juryen bak «Årets kulturidé 2013» tykkjer tankane bak den nye festivalen i Hornindal er sprek og god.

– Til dømes dette med «heime hos-konsertar» som vi ikkje er så vant til her i Sogn og Fjordane. Eg tenkjer at dette er strålande, men samtidig utfordrande, seier jurymedlem Hilde Bjørkum.

– Eg trur dette er noko som appellerer til både liten og stor, her bør det vere moglegheiter for eit stort publikum, meiner Bjørkum.