Hopp til innhold

Håpar på endå fleire kulturidear

Brenn du inne med ein god kulturide er det no du bør hiv deg rundt. Sender du inn ein ide innan måndag kveld kan du vere med i kampen om 100.000 kroner.

Årets kulturidé 2012

VIL HA DIN IDE: FOR ANDRE GONG: Kultursjef Pål Fidjestøl (t.v.) og distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen sparkar i gang 'Årets kulturidé 2013'.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har også i år gått saman om å kåre den beste kulturidéen. Det kan vere både smått og stort.

Kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga seier dei allereie har fått inn fleire gode idear, men at dei har lyst på fleire.

– Det er gøy å lese søknadene. Vi har fleire forskjellige festivalkonsept, og det er eit par andre ting også. Alt frå blomsteroppsatsar til nokon som vil selje soft-is, seier Fidjestøl.

– Kvalitetsstempel

I fjor var det Utkantfestivalen på Skjerjehamn som stakk av med prisen på 100.000 kroner og heider og ære då dei vart kåra til " Årets kulturide" i Sogn og Fjordane.

Njål Hansen Wilberg som er styremedlem i Utkantfestivalen, seier det har heva produktet deira.

– Det har heva Utkantfestivalen eitt hakk til at vi fekk denne prisen.

– På det tidspunktet pengane kom var i ferd med å gire opp til sjølve festivalen, og då er vi alltid i beit for pengar. Pengane var med å sikre ei god gjennomføring, seier han.

Han trur også merksemda dei fekk på grunn av prisen var svært bra for dei.

– Vi fekk eit kvalitetsstempel som gjorde at folk vart meir stolte av å vere med på festivalen vår, seier Hansen Wilberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utkantfestivalen 2012

MEIR PENGAR: Folka bak Utkantfestivalen fekk i fjor 100.000 kroner ekstra i potten før dei skulle arrangere festivalen i Skjerjehamn.

Foto: Gøril Sætre

Vil ha fram mangfaldet

Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen i NRK Sogn og Fjordane seier det er viktig å løfte fram dei gode ideane.

– Anten det er smått eller stort, smalt eller breitt så er det viktig å få det fram. I fjor fekk vi mange gode søkjarar, og vi håpar at endå fleire hiv seg frampå i år. Vi i media blir ofte skulda for å vere veldig kritiske, men her er ideen å løfte fram noko av det positive i det mangfaldige kulturlivet i Sogn og Fjordane.

Fire linjer er nok

No er Fidjestøl spent på kor mange som nyttar tida fram til måndag på å sende inn sin ide.

– Vi er veldig spente før søknadsfristen som er måndag. Vi må berre krysse fingrar og tær og gle seg til å lese bunken med søknader, seier han.

Og du har tida på deg heilt fram til midnatt måndag.

– Om du berre har fire linjer, så send inn. Vil vi ha deg med vidare, så tek vi kontakt, seier Fidjestøl.

Søknadsfrist 15. april

Fristen for å sende inn søknad er 15. april. Send søknaden til kulturide@nrk.no og skriv «Årets kulturidé 2013» i emnefeltet.

Når søknadsfristen er ute, skal ein jury plukke ut eit finaleheat. Ein reporter frå NRK Sogn og Fjordane kjem så til å reise rundt og oppsøke finalistane, som blir presenterte i radiosendingane og på nettsida til NRK.

Folk flest kan vere med på å kåre vinnaren via nettet, i tillegg vil juryen ha eit ord med i laget når det skal avgjerast kven som vinn 100.000 kroner.

Det heile blir avslutta med ein fest i hagen til NRK Sogn og Fjordane til sommaren. Der skal vinnaren av «Årets kulturidé 2013» presenterast.