Hopp til innhold

Kom heim frå storbyen med kulturidé

Saknet etter fleire musikkarrangement meldte seg då Vegar Heimsæter og Geir Bjørkedal Skårhaug flytta heim til Eid.

Vegar Heimsæter og Geir Bjørkedal Skårehaug

GODE ORD: Vegar Heimsæter og Geir Bjørkedal

Foto: Birger Meland / NRK

Saman Fredrik Bjørlo utgjer Heimsæter og Bjørkedal Skårhaug trioen som står bak elektronikafestivalen «Straum» på Nordfjordeid.

Dei er også blant fleire kreative krefter som no kjempar om 100.000 kroner , heider og ære, som årets kulturidé. No håpar dei på 100.000 kroner til den nye musikkfestivalen.

– Vi har studert vekke ei stund og budd i større byar der vi vart vande med konsertar i løpet av studietida. Då vi flytta heim merka vi noko som mangla. Vi prøver å fylle det holet, fortel Bjørkedal Skårhaug.

Starta i fjor

Dermed såg musikkfestivalen dagens lys i fjor. Året etter er dei altså ein av ti kandidatar som juryen har plukka ut til finalerunden av «Årets Kulturidé 2013».

I fjor var det nettopp ein annan musikkfestival, Utkant, som stakk av med prisen.

– Vi laga festivalen som eit tilbod til dei som var heime i jula, noko anna enn den vanlege trubaduren på puben. Vi ville bringe inn det meir urbane til bygdene, og då tenkte vi på «Straum», seier Heimsæter og saman med Bjørkedal Skårhaug håpar at festivalen vil bli så populær at den kan bli ein eigen festival.

Ufortent rykte

For dei urøynde i musikksjangeren, er elektronika ei forkorting for musikk komponert eller bearbeidd ved hjelp av elektronisk utstyr og fom blir «framført» gjennom høgtalarar.

Under elektronisk musikk finn ein fleire hovudsjangrar som til dømes house, trance, hip hop og techno.

– Datagenererte lydar har ei stor rolle i elektronika. Elektronika har fått ufortent rykte for rave, dop og ukontrollerte festar, men faktum er at elektronika i dag er veldig populært og er å finne i dagens popmusikk, jazz, funk og rock. Så det er veldig variert og populært, seier Heimsæter.

– Har kunnskapen

Ideen fall i god jord hos juryen, samansett av Pål Fidjestøl, Kristin Sandal, Hilde Bjørkum og Edvin Helgheim.

Førstnemnde meiner trioen bak «Straum» viser at dei veit kva dei jobbar med, har humor, glede, kunnskap og ikkje minst stor kjærleik for dei jobbar med.

– Faktisk trur eg det er ein kjempestyrke at dei ikkje er i storbyen. Då vi var små, ville alle spele i band eller korps, men no kan kven som helst bli superstjerne heime på laptopen. Dette er ein ny måte å komponere og framføre musikken, seier Fidjestøl.

– Har utfordringar

Kristin Sandal

UTFORDRINGAR: Kristin Sandal.

Foto: Birger Meland / NRK

Kristin Sandal, som er koordinator i Norsk Countrytreff på Breim, seier «Straum» står føre utfordringar med å nå ut til publikum med ein høvesvis snever sjanger.

– Ein skal ikkje berre treffe dei som allereie likar elektronikamusikk, men finne måtar å få framføringar, eller samarbeid eller koplingar til andre ting på som gjer at den meinige mann også får tilgang til det gjennom festivalen, seier ho.

– Det er strålande at nokon utfordrar oss litt. Dette appellerer til nysgjerrigheita, noko eg har veldig sansen for, held Hilde Bjørkum fram. Også ho sterkt engasjert i ein musikkfestival, Folkemusikkfestivalen i Førde.

Spennande miljø

Hilde Bjørkum

PIRRAR: Hilde Bjørkum.

Foto: Bent Are Iversen

– Ofte i festivalsamanheng så er folk litt meir opne. Du går inn i modus og går på konsertar du aldri hadde trudd du skulle gå på eller musikk du ikkje kjenner frå før. Unge som står bak, utfordrar og pirrar oss litt, held Bjørkum fram.

Edvin Helgheim trekkjer Straum fram som eit nytt godt døme eit spennande miljø i Eid.

– Det starta med Malakoff, som er blitt ein av dei største rockefestivalane vi har i landet, og så blir det massevis av aktivitetar rundt med verkstader og andre typar aktivitetar. Det viser kva som kan vekse fram frå ein enkel idé frå eit par-tre stykke ein gong i tida, seier han.

– Ikkje nok festivalar

Tilbakemeldinga frå juryen blir teken godt i mot på Nordfjordeid.

– Det er eit godt poeng å nå ut til folk. Det er ein musikksjanger som mange ikkje kjenner så godt til. Det er ei utfordring vi vil utvikle vidare, seier Heimsæter.

– Men Eid har allereie Malakoff, de fryktar ikkje det blir for mange festivalar i Eid?

– Etter mitt syn blir det aldri nok festivalar. Men no held dei seg i den meir rocka delen av musikken, så får vi ta oss av elektronikken, seier Bjørkedal Skårhaug.

Storslege show

Duoen fortel at dei allereie har teke seg nytte av Malakoff sitt solide nettverk og arrangementserfaring. I fjor gjekk festivalen akkurat i null. Skulle dei vinne 100.000 kroner på kulturideen, blir det ikkje problem å få brukt pengane.

– Vi ville bruke på å utvikle festivalen så mykje som mogeleg, både det å nå ut til fleire, marknadsføre sterkare, bygge på heile konseptet og byggje ei skikkeleg scene så folk verkeleg får kjensle av å vere på eit elektrisk arrangement, seier Heimsæter.

– Då blir det storslege show neste år og forhåpentlegvis noko som vi kan bruke om att fleire år framover, avsluttar Bjørkedal Skårhaug.