Hopp til innhold

Vil ha alle med på våt moro

Våt moro kan gje klingande mynt i kassen for denne gjengen frå Florø.

Havsportfestivalen

GULT ER KULT: F.v. Festivalsjef Roger Bareksten, Eivind Nordvik Hauge og Sander Ødelien.

Foto: Birger Meland / NRK

For andre året på rad satsar dei på å lage til ei festivalhelg i kystbyen, der det våte element står i fokus på alle måtar.

Alle tenkelege vassaktivitetar skal inn i programmet. No er Havsportfestivalen Våt moro ein av ti finalistar i kampen om «Årets kulturidé 2013» og 100.000 blanke kroner til arrangementet.

Gamal draum

– Våt moro er ein ti år gamal draum som blei realisert for første gong i fjor ved hjelp av fleire tusen dugnadstimar utført av ein heil haug med eldsjeler som er glade i Florø og eit aktivt friluftsliv, fortel festivalsjef Roger Bareksten, til NRK.

Festivalkollega Eivind Nordvik Hauge meiner at ein slik festival er heilt rett, ikkje minst med tanke på nærleiken til hav, fjord og kyst.

– Vi meinar at vi treng litt tøffe aktivitetar når vi har den flotte naturen her ute. Kvifor ikkje organisere det og vise det fram og få alle andre til å bli med oss.

– Ungt og friskt

Med på laget har dei og Flora- og veteranbåt-entusiasten Sander Ødelien. Denne gongen legg han frå seg dei gamle skutene til fordel for elleville aktivitetar mellom anna i Florøbassenget.

– Det blir jo mindre fokus på gamle båtar på ein slik festival, det er jo klart. Her er det ungt, friskt og full fart. Sentrum i Florø er så intimt og dannar ein arena for det som skal skje. Rett ut i moroa, smiler Ødelien.

Setje Florø på kartet

Dei er alle samde om at dette er ein festival som skal vere med og setje Florø enda meir på kartet, også langt utanfor bygrensene.

– Vi var jo litt forsiktige i starten og tenkte at det viktigaste var å lage ein god fest for florøværingen. Det gjorde jo vi i aller høgste grad. Det er svært mange som bidreg til å halde oppe aktiviteten og gjere Florø til ein triveleg by å bu i, meiner gjengen bak festivalen.

I fjor satsa dei svært breitt, mellom anna med høglinestunt frå topp til topp på Kinnaklova, i år blir det enda større fokus på aktivitetar der alle kan vere med.

Heile fylket med

– Vi satsar på å ta med oss det beste frå i fjor, vi skal ikkje endre så mykje på det vi såg fungerte godt. I år skal vi prøve å reindyrke aktivitetane meir, slik at publikum skal få delta i enda større grad enn i fjor.

Med seg på laget har dei og ekspertise frå Bratt moro i Sogndal, Stad surfing og Jølster rafting.

– Vi ønskjer å syne heilskapen som fylket. Vi må satse på å dra enda fleire ut i det våte element. Det blir friskt og kult, mykje fart og moro, trur Eivind Nordvik Hauge.

Våt moro er namnet på festivalen som blei avvikla i Florø i helga.
Fellesnemnar: Ekstremsport på og i vatn, og publikum -fekk sjå fuktige og halsbrekkande stunt på hamna i Florø.

VÅT MORO: Video frå festivalen i 2012 som trakk fleire tusen deltakarar og publikummerar til Florø.

– Enda dristigare

Juryen som har vurdert kandidatane til «Årets kulturidé 2013», meiner det er veldig bra at Våt moro vil utnytte dei naturgjevne føresetnadane ved å bruke vatn til å skape aktivitetar.

– Det vi kan utfordre dei litt på er å vere enda dristigare. Dei har jo og den openberre utfordringa i høve ver og vind. Uver kan kome og det er jo noko ein må tenkje på. Det er og viktig at dei tenkjer tryggleik, meiner juryen.

Attraktiv festival

Våt moro-gjengen har tru på at deira konsept vil kunne vere med heilt til slutt og kjempe om 100.000 kroner som årets kulturidé.

– Vi er heilt tydelege på at vi skal skape ein festival som er attraktiv særleg for ungdom og unge vaksne, og då må programmet vere deretter. Det synes eg vi traff bra på. Særleg det at ungdom får eigarskap til festivalen, det er viktig for utviklinga vidare, sler Roger Bareksten fast.