Hopp til innhold

Ny suksesstur for MS «Bluefin» – no har dei fått over 100 størjer i nota

Etter fleire bomkast fekk MS «Bluefin» nok ein gong full klaff. Med 48 nye makrellstørjer i lasterommet er dei i gong med å lossa dei av i Florø.

Mannskapet på MS Bluefin og litt av fangsten av makrellstørje

JUBEL: Mannskapet på MS «Bluefin» var strålande fornøgd då dei fekk årets først fisk, som dette bildet er frå. Stemninga var endå betre etter at totalfangsten no har gått over 100 makrellstørjer.

Foto: Linn Theres Reksten Nekkøy / Privat

– Det er god stemning om bord og mannskapet er så ivrig at vi eigentleg ikkje har tid til å lossa lasta. Vi vil ut å henta inn meir fisk, seier Atle Magne Nekkøy lattermildt til NRK.

Han er skipper på MS «Bluefin».

For rundt klokka 12.00 søndag ettermiddag kom båten inn til Florø med 48 nye makrellstørjer om bord. Dei har ei samla vekt på om lag 10 tonn, noko som kan gje millioninntekter, for fisken er ekstremt ettertrakta (sjå faktaboks).

Henta inn halve kvoten

Med fangsten på 48 fisk dei siste par dagane har dei no henta inn totalt 108 av den store tunfisken. På den første turen kom dei tilbake med 29 størjer om bord, medan tur to gav 31 tunfisk i nota.

– Dei 48 vi fekk om bord no tok vi på tre kast, men det vart ein sju-åtte bomkast. Dagen går nok med til lossing, men vi går nok ut att frå Florø i kveld, seier Nekkøy.

Totalt har dei no henta inn rett over 20 tonn av den eksklusive tunfisken. Då dei vann loddtrekninga mot åtte andre båtar, om den norske kvoten på makrellstørje fekk dei tildelt 30 tonn. Den har seinare blitt auka til 42 tonn og med fangsten til no er halve kvoten henta inn.

Bluefin-fangst

Til Japan i morgon

Av dei 60 første tunfiskane vart 29 sendt til auksjon i Tokyo og alle dei er selt.

– Vi har ikkje fått prisen heilt enno, men dei fekk ein god førstegongspris. Den vil nok stiga på den andre leveringa, seier Jan Otto Hoddevik i Global Fish, som har fått i oppdrag å selja størjene vidare for MS «Bluefin».

I tillegg til marknaden i Tokyo har ein del av fisken hamna på Fisketorget i Bergen.

Søndag ettermiddag vil dei lossa av dagens fangst i Florø, og alt måndag morgon vil den vera på veg til Japan.

– Den vert sendt til Oslo over natta og måndag morgon vert den sendt med flyet til Tokyo. Der går den på auksjon onsdag morgon, japansk tid, seier Hoddevik.

Hoddevik reknar med at mellom 30 og 35 makrellstørje vert sendt til Japan av fangsten som vert lossa i Florø søndag.

Makrellstørje

STORE: Slik såg det ut då dei henta inn 31 størjer på sin andre tur for sesongen.

Foto: ÅSMUND MIDTBØ