Hopp til innhold

Samstundes som den første tunfisken gjekk under klubba, fekk «Bluefin» ny kjempefangst

– Vi prøvde å vere på retten plassen, og det klaffa no det då.

Makrellstørje

TEK DET ROLEG: Mannskapet om bord på M/S «Bluefin» går ikkje av skaftet om dei får storfangstar. No er dei oppe i 60 makrellstørjer på to turar.

Foto: ÅSMUND MIDTBØ

Kaptein Atle Nekkøy har all grunn til å vere nøgd. For andre gang på kort tid er han på veg til Florø med store mengde makrellstørje. Før helga fekk han opp 29 eksemplar av den ettertrakta råvara.

I dag drog M/S «Bluefin» opp nye 31 frå djupet. Og det samstundes som 12 størjer frå den førre lasta gjekk på auksjonsmarknaden i Japan.

– Eg er veldig godt nøgd. Det har i grunn gått veldig smertefritt. Vi har vore heldige, seier han.

Rota litt, men så

Makrellstørje

NØGDE: Makrellstørja er spesielt ettertrakta i Asia.

Foto: Linn Theres Reksten Nekkøy / Privat

Båten var allereie i går kveld utanfor Slotterøy fyr utanfor Bømlo. Fisken dei såg var mindre enn sist.

Fiskarane satsa på at dette ville endre seg til søndagen, og dei fekk heilt rett. Til gagns.

– Vi såg fisken tidleg, men den var så snar at vi ikkje fekk noko sjanse. Litt seinare hadde vi eit bomkast og det vart noko tull så vi vart liggande litt lenger enn vi plar. Då vi kasta etter instrumenta i 17-tida fekk vi desse 31, fortel Nekkøy medan båten er på veg mot Florø.

Må fleire turar

MS "Bluefin"

ÅLEINE: M/S «Bluefin» har kvote på 30 tonn makrellstørje. Så langt har dei fått kring 12.

Foto: Skipsrevyen

Båten er den einaste i Norge som får fiske etter verdas største og raskaste tunfisk. No kan det vise seg å bli millionbutikk for Nekkøy og mannskapet. Er fiskarane heldige med etterspurnaden, kan kiloprisen bli på fleire hundre kroner.

Han kjenner seg trygg på at båten kan fylle kvoten på 30 tonn.

– Vi må nok av garde fleire gonger. Vi hadde seks tonn sist og seks tonn no, så det står framleis att nokre tonn, seier han.

– Trur du at de klarer det i området de har fiska?

– Ja, det trur eg dersom vi får vêr til det. Vi har ein fiskeperiode fram til 15. september, så om det ikkje blir 14 dagar med «rasvér» så skal det gå greitt.

Betre kvalitet

Den siste fangsten held nokolunde same storleik som førre, med ei snittvekt på kring 200 kilo.

– Eg trur også kvaliteten er betre sidan vi drog fleire levande om bord. No skal vi pakke, vege og sjå kvaliteten på fisken. Det blir same runde som sist, seier Nekkøy.

Han er ikkje i tvil om at fisket er liv laga.

– Vi har fått melding om fisk langt nordover, til Bulandet og Straumfjorden i Sula. Det tyder på at det er mykje fisk, og det er jo det vi skal bevise. At det er mykje fisk i norske farvatn, seier han.