Hopp til innhold

Norsk makrellstørje svømte «jorda rundt»

Toppfarten gjer at makrellstørja vert kalla «havets Ferrari». Nye funn viser at han også svømmer mykje lengre enn nokon trudde.

Norsk makrellstørje svømte «jorda rundt»

HEIL VILT: – Det var heilt vilt å sjå kor langt han hadde svømt, seier Ferter. Taksameteret viste at fisken hadde svømt 15.000 kilometer.

Foto: Havforskningsinstituttet

I fjor merka Havforskingsinstituttet ei makrellstørje utanfor Florø med satellittutstyr.

I førre veke dukka det same utstyret opp på same stad.

– Då trudde vi at noko hadde gått gale, seier prosjektleiar Keno Ferter.

Utstyret er konstruert for å losne etter eitt år. Hadde det i staden losna før fisken hadde rukke å røre på seg?

Nei, i staden hadde utstyret vore med jorda rundt.

Nærare undersøkingar viste at størja hadde lagt bak seg ei reise frå Norskehavet, over Atlanteren, innom Middelhavet, rundt Irland, og ein svipptur til Brønnøysund.

Før han returnerte dit «startskotet» gjekk – rett utanfor Florø på den norske vestkysten.

– Det var heilt vilt å sjå kor langt han hadde svømt, seier Ferter.

Taksameteret viste at fisken hadde svømt 15.000 kilometer.

Norsk makrell svømte verden rundt

SVØMMER LANGT: Toppfarten gjer at makrellstørja vert kalla «havets Ferrari». Nye funn viser at han også svømmer mykje lengre enn nokon trudde.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Til Norskehavet for å gjere seg feite

Størstedelen av dei registrerte størjene i norsk farvatn kjem frå gyteområde i Middelhavet.

Reisa «heim att» syner at makrellstørja er dyktig på å finne tilbake til gode beiteområde, seier Ferter.

Norskehavet og Nordsjøen er ynda matfat for størjene. Tilgangen på krepsdyr, blekksprut og stimfisk gjer at dei i løpet av sine fyrste ti leveår kan vekse til 150 kilo.

Keno Ferter med det elektroniske merket dei skal sette på makrellstørja

MERKING: Keno Ferter leiar prosjektet. Forskarane har blitt forbausa over størja si imponerande vandring.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Fisken vandrar lenger nord

Merking av makrellstørja – som òg vert kalla blåfinna tunfisk – starta i 2018.

Alt då såg Havforskingsinstituttet at fisken la bak seg daglege maratondistansar.

LES OGSÅ: Leitte etter makrellstørje – fann verdas største havskjelpadde

Historisk overfiske gjorde at Noreg forbydde fangst av makrellstørje i 2007.

Gjennom internasjonal, berekraftig forvaltning har bestanden auka. No vandrar fisken lenger nord.

– Vi har stadig fleire observasjonar langs kysten vår der det før overfisket var mykje størje, seier Leif Nøttestad, som er bestandsansvarleg for arten hjå Havforskingsinstituttet.

Etter ei kontrollert gjenopning av fisket i 2014 er den norske kvoten no på 315 tonn.

Denne makrellstørja ble tatt i 1971, da det var et stort fiske på den store rovfisken.

OVERFISKE: På 50- og 60-talet fiska fleire hundre båtar størje langs norskekysten.

Foto: Arild Aldeholm / Havforskningsinstituttet

Verd si eiga vekt i gull

Høg etterspørsel syter for elleville prisar på fiskemarknaden.

I 2019 vart det sett ny verdsrekord i Tokyo, då ei størje på 278 kilo vart seld for utrulege 26,4 millionar kroner. Ein kilopris på nesten 95 000 kroner.

For forskarane er makrellstørjene dyrebare kjelder til kunnskap om ein av dei mange tusen fiskeartane som sym i verdshava.

– Men med meir kunnskap kjem nye spørsmål! Vi håpar å halde på i fleire år framover, fortel Ferter.

LES OGSÅ: Fanget fisk på 200 kilo: – Det ble mye melkesyre i både armer og bein

– Det største eg har opplevd som sportsfiskar på båt, seier John Ivar Askevold.