Hopp til innhold

Mister nattesøvnen av sterkt lys frå fiskebåtar

Fleire fiskebåtar som går inn i fjordane for å fiske med lys og not, har blitt melde til politiet. – Folk får ikkje sove, seier Ottar Ekremsæter.

Fiskebåtene på Vanylvsfjorden sett fra vinduet til Marta Bøstrand

BLENDAR: Lysbåtane lyser opp husa langs fjordane mens dei fiskar med not etter makrell.

Foto: Marta Bøstrand

I fjordane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord er det opprør mot fisket. Når lyskastarane blir slått på før nota blir kasta, kjem lyset inn i husa og på soveromma til folk.

– Folk får ikkje sove på grunn av lys og støy, seier hobbyfiskar Ottar Ekremsæter.

Ottar Ekremsæter

Ottar Ekremsæter vil ha fiskebåtane vekk frå husa.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Meldt til politiet

I Kjødepollen i Nordfjord har fleire fastbuande og hyttefolk gått saman og meldt fleire fiskebåtar til politiet.

– Vi meiner at støy og lysmengda er ulovleg, seier Ekremsæter.

– Men må ein ikkje tole såpass når yrkesfiskarar driv eit lovleg fiske?

– Nei, dei treng ikkje å ligge tett innpå husa i ein trong fjord. Det går an å flytte lenger ut i fjordane slik det ikkje blir konflikt mellom fiskarar og folk som bur her.

Politiet skal no vurdere om lys og støy kan vere straffbare forhold opp mot bestemmingane i naboloven.

Legg ut bilde på Facebook

Etter at det blei lov å bruke lys i notfiske i Møre og Romsdal i 2017, har konflikten mellom lokalbefolkninga og yrkesfiskarane eskalert

Lilli Ann Bakkebø på Åheim har starta ei Facebookside der folk legg ut bilde av fiskebåtane på fjorden.

– Eg legg ut fordi eg ikkje trur folk veit kor gale det er. Problemet er at de armar ut fjordane våre.

På Facebooksida er det bilde av daud fisk og eit feittlag som blei liggande att etter fisket i fjor.

– Det var roten stank fleire kilometer innover fjorden her.

Lilli Ann Bakkebø

Lilli Ann Bakkebø og mange andre er også bekymra for at effektiviseringa av fisket, med store nøter, gjer at fiskebestandane blir svekka.

Foto: Privat

– Tørr knapt å gå til kai

NRK har vore i kontakt med fiskarar som har blitt melde til politiet etter å ha fiska i fjordane. Dei vil ikkje uttale seg i media, men seier dei opplever å bli hetsa.

Fiskar Erik Gåsvær i Solund er ikkje redd for å seie meininga si. Han synest ikkje hetsen er greitt.

– Vi er her for å gjere jobben vår og skapar aktivitet i lokalsamfunnet. Makrellen et alt av yngel, så eg trur konsekvensane hadde blitt mykje større om vi ikkje hadde fiska, seier Gåsvær.

Erik Gåsvær

Erik Gåsvær fiskar makrell om bord på båten MS Barstein, og reagerer på måten fiskarane blir behandla.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Gåsvær fortel om ein kjenning som fekk truslar frå nokon som sa at dei skulle gjere alt dei kunne for å inndra rettigheitene hans og sørge for at han ikkje fekk dra på havet igjen.

– Vi tørr knapt å gå til kai lenger fordi vi er så lei av å få kjeft, bli sjikanert og truga.

– Fullt lovleg

Fiskarlaget reagerer også på at fiskarane er melde til politiet.

– Eg synest det er ei trist utvikling. Dette er eit veldig viktig yrke. Dei skaffar kortreist mat og står for ei formidabel verdiskaping. I løpet av to veker er det fisket 2000 tonn makrell verdt 20 millionar kroner i desse fjordsystema, seier Ole Morten Sorthe, dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag.

Ifølgje Sorthe er påstandane om at fiskarane bryt regelverket ikkje riktige.

Skulle det vere tilfelle, er det ein sak for politiet og Fiskeridirektoratet

Ole Morten Sorthe

Ole Morten Sorthe er dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Fiskeridirektoratet kjenner ikkje til alvorlege regelbrot, men opplyser til NRK at dei vil gjere ei rutinemessig kontroll av fiskeriet.

Vil endre regelverket

I Volda har grendelaga gått saman for å be om at regelverket blir endra. Dei vil mellom anna ha forbod mot bruk av lys i fjordar og grunne område.

– Det er ikkje vits i å diskutere med ein og ein fiskar. Vi er ikkje ute etter å ta fiskarane, men regelverket må endrast, seier Oddvar Høydalsvik.

Lilli Ann Bakkebø på Åheim meiner at det hastar å gjere noko med fisket i fjordane.

– Akkurat no er den beste staden å fiske makrell akkurat her. Vi var også dei siste som opna opp for lysfisket, og eg trur ikkje det er tilfeldig at det framleis er masse fisk her.

Fjordenes Tidene har også skrive om denne saka.