Hopp til innhold

Vann loddtrekkinga om størjefiske

MS «Bluefin» frå Nekkøy i Flora har fått løyve til å drive med forsøksfiske etter makrellstørje i 2017. Båten vann på loddtrekking.

MS "Bluefin"

KLAR FOR STORFISK: MS «Bluefin» er bygd i 2000, men er forlenga to gonger sidan.

Foto: Skipsrevyen

Det var i alt åtte båtar som søkte om å få vere med på jakta på den ettertrakta fisken. To av dei trekte seg, og dermed vart det trekt lodd mellom dei seks attverande, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding. Og der trekte «Bluefin» det lengste strået.

– Kriblar litt ekstra

Atle Magne Nekkøy er skipper på vinnarbåten, og han gler seg til størjefisket.

– Det kriblar litt ekstra. Det gjer det. Sjølv om fiske er eit spennande yrke til vanleg, så er dette ekstra spennande. Vi vil no prøve og sjå om vi får tak i fisk.

Han tek atterhald om at det er ein klagefrist på 14 dagar på tildelinga, så difor ventar han litt med å sleppe jubelen heilt fri. Han reknar med at han og dei andre fem på «Bluefin» kan gå i gang med fisket etter makrellstørja i slutten av august ein gong.

«Hillersøy» fekk storfangst i fjor

I fjor var det MS «Hillersøy» frå Bulandet som fekk sjansen til å jakte på makrellstørja. Dei fekk ein storfangst på 190 størjer med ei gjennomsnittsvekt på vel 220 kilo. Dei søkte også i år, men hamna på tredjeplass i loddtrekkinga.

Namnet på båten ikkje tilfeldig

MS «Bluefin» har det rette namnet for fiske etter makrellstørje, for Bluefin tuna er det engelske namnet på fisken. Og det er ikkje tilfeldig at båten heiter akkurat «Bluefin», seier Atle Magne Nekkøy.

– Vi har no drive med det tidlegare. Sjølv har eg vore både i Australia og Vest-Afrika nokre år på tunafiske. Det var helst i våre yngre dagar vi dreiv med det. Den båten vi har no har vi hatt i 17 år, den førre heitte også «Bluefin».

– Fiskeri er no eit lotteri

Det er ein norsk totalkvote på 52 tonn makrellstørje. Av dette får «Bluefin» løyve til å fiske 30 tonn. Det er også avsett vel 10 tonn til det som blir rekna som uunngåeleg bifangst i fiske etter andre artar.

Atle Magne Nekkøy håpar at dei kan greie å fylle kvoten.

– «Hillersøy» fekk godt resultat i fjor, og vi såg bra med fisk i fjor. Men fiskeri er no eit lotteri, så vi får no berre prøve.

Over påske skal han og mannskapet til med seifiske.