Hopp til innhold

– Då eg såg den i nota tok eg eit hopp

– Det var ekstremt spennande å få desse store dyra om bord i båten, fortel Linn Theres Nekkøy som er mannskap på MS «Bluefin».

Makrellstørje

MANNSKAPET: MS «Bluefin» fekk i dag ein fangst på 29 makrellstørjer. Dei la frå kai 21. august og etter fire dagar er dei på veg tilbake for å losse.

Foto: Linn Theres Reksten Nekkøy / Privat

MS «Bluefin» frå Nekkøy i Flora har fått løyve til å drive med forsøksfiske etter makrellstørje i 2017. I dag halte dei i land 29 størjer på eit kast, som kan gi dei store pengar i kassen.

Makrellstørja vert ofte kalla den dyraste fisken i verda og vert i enkelte land rekna som ei delikatesse. Den kan verte betalt med fleire hundre kroner per kilo. På grunn av tidlegare tiders overfiske, har størja vore vanskeleg å finne dei siste tiåra.

– Det var veldig spennande. Vi har hatt fleire bomkast før i dag også såg vi dei kome opp med nota, fortel Nekkøy.

Båten hadde avgang frå Florø 21. august og er no på veg til land for å losse.

– Det er god størrelse på makrellstørjene. Ein var langt over 2 meter og eg føler meg litt liten når eg står på sida.

Makrellstørje

ETTER FIRE DAGAR: Makrellstørja er ikkje ein lett fisk å få tak i. Men etter fire dagar klaffa det.

Foto: Linn Theres Reksten Nekkøy / Privat

Trefte på fjerde dagen

Makrellstørje

SLØYA SI FØRSTE STØRJE: – Det er ein jobb som må gjerast, men det var ganske kult, fortel Nekkøy.

Foto: Linn Theres Reksten Nekkøy / Privat

Båten MS «Bluefin» har det rette namnet for fiske etter makrellstørje, for Bluefin tuna er det engelske namnet på fisken dei no har halt i land 29 stykke av.

– Det begynner gjerne med at vi ser ein flekk i horisonten. Dei går opp i overflata og jaktar på småfisk. Vi har hatt folk på toppen av taket som kika etter dei med kikert, seier ho.

Nekkøy var med første gong som mannskap for 10 år sidan, då var ho 18 år, men det er første gong ho har sett ei størje på så nært hald.

– Det var veldig tøft. Vi har sett dei hoppe rundt her dei siste dagane, men å få dei heilt opp på dekk var veldig spesielt.

Er mannsterke

Makrellstørje

OVER TO METER: – Eg føler meg liten på sida av dei, fortel Nekkøy.

Foto: Linn Theres Reksten Nekkøy / Privat

Besetninga på sju, har i tillegg med seg tre personar som passar på at alt går riktig føre seg. Både Havforskingsinstituttet og ein teknikar frå Japan passar på.

– I år er det berre denne båten som har lov til å fiske makrellstørjer. I fjor var det båten Hillersøy. Vi har både inspektørar og observatør med.

– Vanlegvis er vi seks personar om bord, men på denne turnen er vi 10. Vi stablar i høgda på lugarane, fortel ho med litt latter.