Hopp til innhold

Normisjon meiner dei kan nekte homofile å forkynne

På Sørlandet vart eit homofilt medlem nekta å delta i song og ungdomsarbeid. Heller ikkje i Sogn og Fjordane kan personar som lever i homofile forhold ha ei forkynnande rolle i Normisjon.

Mange i Møre har meldt seg ut av statskyrkja i haust.

TUFTA PÅ BIBELEN: Normisjon er ein livssynsorganisasjon som er tufta på bibelen. Dei meiner at seksuelt samliv skal vere mellom mann og kvinne.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

– Vurderinga ville nok vore ganske lik. I verdidokumentet vårt står det at ekteskap mellom mann og kvinne er den einaste ramma som bibelen gir for seksuelt samliv, seier Vegard Reigstad Tennebø, som er fellesskapsutviklar i Normisjon Sogn og Fjordane.

I Iveland bedehus på Sørlandet har hele lovsangteamet slutta i protest etter at eit homofilt medlem vart nekta å delta i song og ungdomsarbeid.

Tennebø legg til at dette blir vurdert frå sak til sak, men at dei som organisasjon står fast på sitt verdisyn.

– Vi ynskjer at det skal vere opent og at alle skal finne sin plass. Alle er velkomne, men alle kan ikkje forkynne, sa talsperson for Normisjons bedehus i Iveland, Brynjulf Aagesen, til NRK.

– Dette er rett og slett trist

Leiar i foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, Ingvild Endestad, er uroa for at personar blir pressa til å velje mellom tru og seksualitet.

– Det er trist at mange må velje mellom to grunnleggande ting i livet som seksualitet og tru.

Ho vil ha slutt på forskjellsbehandling.

– Mange av dei som blir pressa til å slutte er i ein sårbar situasjon. Det gjer at ein aldri får prøvd dette opp mot lova, seier Endestad.

Ingvild Endestad

SÅRBAR: Mange av dei som blir pressa til å slutte er i ein sårbar situasjon, meiner leiar i foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, Ingvild Endestad.

Foto: Foreningen Fri

Meiner dei har rett til forskjellsbehandling

Fleire har protestert mot det dei meiner er diskriminering av homofile.

Vegard

DISKUSJON INTERNT: Vegard Reigstad Tennebø, som er fellesskapsutviklar i Normisjon Sogn og Fjordane, seier at homofilt samliv er ein diskusjon internt i Normisjon.

Foto: PRIVAT

– Eg har stor forståing for at storsamfunnet stiller seg tvilande til korleis vi kan gjere desse vurderingane. Det er trusfridom i dette landet, så med grunnlag i lova har vi ein viss rett til forskjellsbehandling, seier Tennebø.

Han står fast på Normisjon sitt verdidokument når det gjeld samliv.

– Når vi er ein livssynsorganisasjon som er tufta på Bibelen, så våre standpunkt må tole dagens lys, og vi må stå for dei, seier Tennebø.

Likevel er dette alt anna enn ei lett avgjerd, meiner Tennebø.

– Dette er noko som vi kjenner på kroppen. Ein skal vere ganske følelsesmessig avstumpa om ein ikkje skjøner at dette er vondt. Vondt fordi relasjonar blir øydelagde, og vondt fordi det blir ei splitting i fellesskapet. Dette er ein diskusjon internt i Normisjon, seier han.