Hopp til innhold

No kjem det pengar til vakter framfor breen

Skilt og sperrekjettingar er ikkje nok. No skal 140.000 kroner til vakter og informasjon ved Nigardsbreen hindre turistar i å hamne i ulukker.

Fareskilt ved Nigardsbreen

FOLK GÅR FOR NÆR: Nokre turistar trosser fareskilt og kjettingar som dette. Difor må det vakter til, for å hindre ulukker ved Nigardsbreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ordninga med vakter ved breen vart prøvd ut etter at ein turist hamna i vatnet ved Nigardsbreen og døydde i fjor sommar.

No gir Miljødirektoratet 140.000 kroner til å fortsetje vakttenesta og informasjonsarbeidet ved breen inst i Sogn.

Det har tidlegare vore sett opp skilt og sperringar ved breen, men likevel trosser mange turistar åtvaringane. I 2014 omkom eit tysk ektepar då dei kryssa sperringane.

Erfaringane med vakthaldet har vist seg å vere positive.

– Så lenge det var ein person som informerte og passa på, så var ingen som passerte sperringane så vidt eg veit. Og det er jo det som er føremålet, seier Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag.

– Utsett seg sjølv for stor fare

Steinar Bruheim

POSITIVT: Breførar Steinar Bruheim seier pengane er gode nyhende.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Bruheim meiner pengane er ei god nyhende i ei tid med auka turisttrafikk. Han har ført tusenvis av turistar opp på Nigardsbreen. Mange forstår ikkje kor farleg det kan vere.

– Mange går forbi sperringane og heilt inn til fronten på breen. Dei utsett seg sjølv for stor fare. Dei siste åra har vi hatt fleire dødsulukker her.

Han meiner dessutan pengane vil gjere godt for det verneverdige området.

– Ein får eit betre oversyn og kontroll på turiststraumen i området. Ein ting går på sikkerheita, men det gjeld også å hindre forsøpling i det verneverdige området. Dette er jo eit naturreservat – den strengaste verneforma vi har, seier han.

Aina Elise Stokkenes ved fareskilt ved Nigardsbreen

FLEIRE SKILT OG SPERRINGAR: Aina-Elise Stokkenes, rådgjevar for naturforvaltning i Luster, er glad for at dei kan gjere fleire sikkerheitstiltak ved breen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fleire sperringar

Rådgjevar for naturforvaltning i Luster, Aina-Elise Stokkenes, er også svært glad for at dei kan ha ein person ved breen denne sommaren.

– Dette er viktige tiltak, for no kan vi jobbe med informasjon på lenger sikt. Det er brefronten i seg sjølv som styrer behovet, seier Stokkenes.

No er ho klar til å sette opp meir sperrekjetting for å hindre at folk går heilt inn til brefronten.

– Det må vi gjere slik at det ikkje kan misforståast at det er farleg, seier ho.

Ønskjer færre redningsaksjonar

Pengane frå Miljødirektoratet kjem gjennom ordninga «Nasjonale turiststier». Det er 16 turiststiar over heile landet får pengar til skilting, merking og annan tilrettelegging. Til saman blir det delt ut 11,5 millionar kronar i 2019.

– Vi vil ta imot den aukande mengda turistar i norsk natur utan at det fører til slitasje, forsøpling og redningsaksjonar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.