Hopp til innhold

Tysk ektepar omkom då breen kalva - borna deira var vitne til tragedien

To born på åtte og ti år var vitne til at foreldra omkom då Nigardsbreen kalva over dei søndag ettermiddag. Den tyske familien hadde vore på ein guida tur, då dei la ut på eigen hand og braut sperringa nær breen.

Rasulukka ved Nigardsbreen.

LIKE FØR RASET: Dette biletet blei teke fem minutt før isblokka rasa ned på det tyske ekteparet.

Foto: Erik Bloemink

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, er ved ulukkesstaden, og seier til NRK at dei to mindreårige barna no blir teke hand om av kriseteam frå Luster kommune.

– Familien hadde vore med på ein guida tur. Deretter gjekk dei litt på eiga hand, og kryssa sperringane ved breporten og tok seg inn der ein ikkje skal vere Då kalva breen og dei to vaksne fekk isen over seg, seier Knudsen til NRK.

Barna vart vitne

Nigardsbreen

HER BLEI DEI FUNNE: Isen rasa ut og trefte det tyske ekteparet.

Foto: Christian Blo,

Det tyske ekteparet sine to mindreårige born vart vitne til ulukka som skjedde i 16-tida, stadfestar Magne Knudsen.

– Me har varsla kriseteamet i kommunen, seier Jarle Skartun, rådmann i Luster kommune.

– Det har ramla ned ei isblokk i breporten, nær inntil isen, og dei to personane fekk isen over seg, seier Steinar Bruheim, leiar i Jostedalen Breførarlag.

Created by InfoDispatcher

OMKOM: Eit tysk ektepar i 30-åra omkom då dei fekk ismassar over seg ved Nigardsbreen i ettermiddag. Dei to mindreårige barna deira vart hjelpelause vitne.

Ulukke ved Nigardsbreen

STORE STYRKER: Det blei slege full alarm då ulukka skjedde.

Foto: Christian Blom

Ifølgje politiet kom dei to borna seg fysisk uskadde frå hendinga.

Lensmann Magne Knudsen seier det var augevitne til ulukka og det blir jobba med å avhøyre dei.

– Eg har ikkje oversikt kor mange, det jobbar vi med no. No skal vi gjere åstadsundersøkingar og ha fokus på dei to borna som mista foreldra sine. Kriseteamet tek vare på dei, seier han.

Ordførar Ivar Kvalen om ulukka i Jostedalen.

To omkomne

Tidlegare i kveld stadfesta Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt at ulukka hadde skjedd.

– Eg kan stadfesta at det er to omkomne, sa Eggen.

Politi, ambulanse, redningshelikopter, ambulansehelikopter, redningsmannskap og redningsdykkarar rykte raskt ut til staden.

– Redningsdykkarane er der fordi me ikkje er 100 prosent sikre på at det berre er snakk om to. Men det meste tyder på at det ikkje er fleire enn to som er sakn, seier Eggen.

Laster Twitter-innhold

Ved brekanten

Ulukka skjedde der elva renn ut av breen, ved den såkalla breporten.

– Me har sendt ut redningshelikopter frå Florø, luftambulanse frå Førde er på veg og redningsmannskap og det er også ein lokal lege på staden, seier Viste.

– Veit du kor stor del av breen som har kalva?

– Nei, det har me ingen informasjon om no, seier Viste.

Hovudredningssentralen sende ut redningshelikopter frå 330-skvadronen i Florø.

Ulukke ved Nigardsbreen

TO OMKOM: Redningshelikopteret frå Florø flyr over der ulukka skjedde.

Foto: Ruth Skogland Olsen

Helikopterbilder fra Nigardsbreen.

HER SKJEDDE ULUKKA: Sjå helikopterbilete frå ulukkesstaden.

Nigardsbreen