No får ikkje «anal-legen» lenger jobbe som lege

Jan Mikael Nordfors har fått sparken som lege gang på gang fordi han stakk fingrane opp i analen på pasientane. No har svenske styresmakter teke frå han retten til å jobbe som lege for godt.

Jan Mikael Nordfors

SVÆRT OMSTRIDD: Jan Mikael Nordfors har operert som lege i Norden under fleire namn, mellom anna Mikael Stenborg. Her fotografert medan han var kommunelege i Jølster i Sogn og Fjordane.

Foto: Hild Nordal / Firda

Den berykta «anal-legen» var kommunelege og vikarlege i mellom anna Verran i Nord-Trøndelag, Kautokeino i Finnmark og Jølster i Sogn og Fjordane. Alle tre stadane fekk han sparken for sin praksis med å stikke fingrane opp i bakenden på pasientane.

– Dette har ingenting med sex å gjere. Når eg har stukke fingeren inn i analopninga til folk, har det berre vore for å hjelpe dei, forklarte Nordfors då han i 2006 måtte gå frå jobben som kommunelege i Trøndelag.

No har svenske Hälso og sjukvårdens ansvarsnämnd bestemt at han ikkje lenger kan praktisere som lege i heimlandet Sverige.

Livstrugande behandling

– Vi kallar Nordfors sin autorisasjon tilbake umiddelbart, skriv nemnda i sitt vedtak og syner til at den tidlegare legen alt har mista løyve til å praktisere i Danmark.

Det skjedde etter at han skulle ha utsett ein pasient for livstrugande feilbehandling på klinikk utanfor København. Ifølgje Danmarks Radio skulle han gje pasienten eit bedøvande middel, men klarte å stikke hol på eine lunga til pasienten.

Ingen i Socialstyrelsen vil utdjupe vedtaket ytterlegare. Nordfors sjølv har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. NRK har gjort ei rekkje forsøk på å få han i tale. Nordfors sin advokat, Björn Gärde, vil ikkje kommentere saka.

Trur han kan få erstatning

På sin eigen Facebook-profil hevdar Nordfors at danske styresmakter har øydelagt karrieren hans med påstandar om rusmisbruk og psykisk sjukdom.

– Min advokat meiner at eg kan få ei stor erstatning berre eg har råd til å stemne dei, skriv Nordfors.

Heilt sidan han var ferdig utdanna lege på 90-talet, har Jan Mikael Nordfors vore ein omstridd lege. Han har vore under tilsyn og fått åtvaringar i ei rekkje samanhengar i både Danmark, Norge og Sverige. Ikkje minst fordi han brukte analmassasje som behandlingsmetode på mange pasientar.

Føler seg forfølgd

I ein rapport frå 2006 skriv Statens helsetilsyn at dei tykkjer det er rart at kvar femte pasient fekk diagnosen piriformissyndrom. Nordfors behandla dette med å stikke fingrane inn i pasienten sin anus og massere analmuskulaturen, skreiv Altaposten i 2007.

Sjølv meiner Nordfors at han har blitt forfølgd av både media og styresmakter rundt om i Norden gjennom mange år, trass i at klagestormen har kome frå pasientane til legen.

– Det er vel Sundhetsstyrelsen, heile legesystemet i Skandinavia. Det er ein systematisk forfølging av annleis tenkande. Eg synest at ein er i konstant konflikt mellom å hjelpe pasienten og følgje reglane, sa Nordfors til Danmarks Radio i fjor.

NRK anbefaler

"Vision of the fjords" seglar endeleg i rute på Nærøyfjorden.
Barn som lager mat. Naturbilder fra Hopland og Randabygd. Barn som forklarer hvordan arbeidet på kaféen er. Barn som serverer mat. Uteservering med utsikt.
Konkurransetilsynet nekta i dag Sogn og Fjordane fylkeskommune å selja selskapet til Torghatten, fordi det nye selskapet ville blitt for stort og fått for mykje makt.