Av:
/
Sjølv seier Nordfors at har stor tru på behandlingsmetoden og at han er forundra over klagene. Han seier han har hatt pasientar som bokstavleg talt har kasta krykkene etter å ha fått denne spesielle behandlinga.
Uvanleg metode
Diagnosen pasientane har fått er piriformis syndrom. Dette er ein muskel som gir isjas-smerter. Behandlinga legen har nytta er å ta seg inn i endetarmen på pasientane og massere denne muskelen, noko som er ein heller uvanleg metode og diagnose, seier Petter Øgar.
Pasientane ikkje spurde
I alt fire klager har Helsetilsynet i Sogn og Fjordane motteke på mannen som er fastlege i Sogn og Fjordane. Og spesielt alvorleg er det at pasientane ikkje er førespurt om dei vil ha denne behandlinga.
Helsetilsynet er altså no i gang med å granske behandlinga legen gir.
Lyd og video