Hopp til innhold

Newton-rom skal lokke elevar til realfag

FLORØ (NRK): Eit flunkande nytt undervisningsrom skal friste barn og unge til å lære meir om naturfag, matematikk og teknologi.

elevar

TYKKJER DET ER GØY: Linnea og Olai Leander byggjer robotar med Lego.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det er full aktivitet i Newton-rommet og rundt eit bord med robotar står Linnea og Olai Leander.

– Vi programmerer og bygger om robotane. Dei skal kunne brukast til lakseoppdrett. Vi brukar Lego og kan bygge dei akkurat slik vi vil. Dette er gøy, og det er meir morosamt enn ein vanleg matte-time, seier dei.

Sonja Olsen

SKAL UNDERVISE: Sonja Olsen skal lære elevane om oppdrett.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Fredag var det offisiell opninga av det nye Newton-rommet ved FloraFauna Byakvariet. Her skal både barnehageborn og skuleelevar få boltre seg gjennom praktisk læring.

Det er no om lag 30 slike rom i Norge. I kystbyen blir det særleg fokus på havbruk og energi. Lærar Sonja Olsen har ansvar for modulen som handlar om oppdrett.

– Elevane skal får lære om laks i naturen og laks i oppdrettsanlegg. Det blir mange eksperiment og modular.

Magnus Løset Østvik

MANGE EKSPERIMENT: Magnus Løset Østvik har både fått lære om tørris og vindturbinar.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ungdommane har fått på seg kvite frakkar og ser ut som dei kosar seg. Fleire er samla rundt eit reagensglas det ryk frå.

– Vi har tørris i vatn og så reagere den med vatnet. Det skapar gass frå tørrisen og det ryk opp. Gassen er tyngre enn luft så den går rett i bakken. Det er veldig fascinerande, forklarar elev Magnus Løset Østvik.

Monicha Landøy og Tone Aasrud

GLER SEG: – Eg gler meg skikkeleg til å kome i gang, seiar Monicha Landøy (t.v.) som skal ha ansvaret for den daglege drifta. Prosjektleiar Tone Aasrud trur elevane vil få ei heilt anna forståing for realfag.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Kosta fire millionar kroner

Prosjektleiar Tone Aasrud i Flora kommune seier undervisingsrommet er framtidsretta i forhold til både læring og engasjement.

– Elevane kjem til å få ei heilt anna forståing av kva realfag og teknologi er. I dag har det berre vore eit liten smakebit. Når vi kjem i gang for fullt, skal elevane ha forarbeid på skulen før dei kjem hit og gjer eksperiment, seier ho.

Det er den ideelle organisasjonen First Scandinavia som eig konseptet Newton-rom. Ideen til å opprette eit slikt rom i Florø kom for over to år sidan då ein delegasjon frå kommunen besøkte Newton-rommet i Trondheim.

No er det rommet til om lag fire millionar kroner på plass etter eit samarbeid mellom kommunen og fleire verksemder.

Plommesekkyngelen i skål

PLOMMESEKKYNGEL: Dette er noko av dette elevane får lære meir om i Newton-rommet

Foto: Sonja Olsen

– Dette er framtida

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) seier det nye tilbodet er viktig for både kommunen og kysten.

– Dei som er unge skal løyse dei teknologiske utfordringane i framtida. Dei genia skal vi vere med å skape her.

Han trur tilbodet kjem til å bli ein kjempesuksess og han får lyst å prøve sjølv.

– Eg kjenner det rykker i foten min også når eg ser dette. Det er kjempespennande og ein fantastisk moglegheit for dagens unge.