Hopp til innhold

Namnevalet kan bli avgjort ved kongeleg resolusjon

Politikarar i Hornindal vil ikkje at den nye kommunen skal heite Volda. No kan namnevalet dra ut i tid.

Kvar er dette

NAMNESTRID: I dag heiter denne kommunen Hornindal. Nytt namn kan bli Volda alt 1. juni, men namnevalet kan også trekke ut i tid.

– Dette med val av kommunenamn er noko som rører ved både identitet og kjensler. Eg synest det er vemodig at Hornindal ikkje lenger skal vere kommunenamn, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel.

Stig Olav Lødemel

AVSLAPPA: Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, meiner det er viktigare å jobbe for gode og likeverdige tenester nær der folk bur, enn å kjempe imot Volda som kommunenamn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Han understrekar at han har eit avslappa forhold til kommunenamnet. Men kommunestyret i Hornindal er delt så å seie på midten, der halvparten vil at den nye kommune skal heite Volda, mens den andre halvparten helst vil ha eit anna namn. 1. juni skal Volda og Hornindal ha møte i fellesskap. Der skal det stemmast over namnevalet. Blir det nei til Volda frå honndølane kan det ta tid før det nye namnet blir klart.

– Blir det nei her, må fylkesmannen kalle inn møte. Det kan han ikkje gjere før etter Stortingsvedtaket som er 8. juni. I tilfelle det skulle bli eit nytt møte så blir det den 27. juni. Om det då ikkje blir semje om kommunenamnet vil saka gå vidare til avgjerd i kongeleg resolusjon, seier Lødemel.

Meiner at ei ny kommune bør ha eit nytt namn

Eit eige utval har sett på både namn og kommunevåpen, og konkludert med at Volda er det naturlege. Men dei møter motstand i Hornindal.

Eldar Engelund

SKEPTISK: Gruppeleiar for Senterpartiet i Hornindal kommunestyre, Eldar Engelund fryktar at det nye kommunenamnet blir Volda. Han er redd honndølane får lite dei skal ha sagt og trur ikkje folk i Volda kjem til å merke at det kjem ei ny kommune.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg er ikkje så begeistra for Volda – namnet. Eg kjem til å stemme imot, og det trur eg dei fleste i mi kommunestyregruppe kjem til å gjere, seier gruppeleiar for Senterpartiet i Hornindal kommunestyre, Eldar Engelund.

Han meiner prinsipielt at ei ny kommune skal ha eit nytt namn, og seier han er skuffa over at namnekomiteen har landa på Volda.

– Eg er sikker på at alle i Volda kjem til å stemme for Volda. Det synest eg er lite inkluderande, og eg synest det er lite raustleik å spore i haldningane til voldingane i denne saka, seier Engelund.

Sannsynleg at det blir Volda

Ifølgje ordførar Stig Olav Lødemel si uformelle kartlegging kan det sjå ut til at det kan bli eit knapt fleirtal for Volda som kommunenamn.

– Slik det kan sjå ut i Hornindal i dag kan vi oppleve at kommunestyret vil stemme for Volda med 9 mot 8 røyster, men det er vanskeleg å spå kva som blir resultatet om det blir fråfall og vararepresentantar på møtet, seier Lødemel.

Også Engelund ser at det kan gå den vegen.

– Eg trur nok vi dessverre vil ende opp med Volda, men eg likar det ikkje. Eg synest det kjem stadig tydlegare fram at det ikkje er nokon plan om å bygge ei ny kommune. Enden på visa er at vi blir implementert i Volda, og det kjennest ikkje bra, seier Engelund.

Hornindal 2015

NYTT NAMN: Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, meiner ein bør velje kva kampar som er verdt å ta. Han trur ikkje Honndølane, med 1200 innbyggjarar har så mykje å stille opp med mot Volda sine vel 9000 innbyggarar når kommunenamnet skal avgjerast.

Foto: Kartverket