Hopp til innhold

Sunnmøringane vil at storkommunen skal heite Volda

VOLDA/HORNINDAL (NRK): Nordfjord-kommunen Hornindal og sunnmørskommunen Volda er ei av få kommunesamanslåingar som faktisk ser ut til å bli noko av. No går debatten om kva namn den nye storkommunen skal få.

Jørgen Amdam

NAMNET IKKJE DET VIKTIGASTE: Det seier Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Foto: Bård Siem / NRK

– Kommunen bør heite Volda. Vi er storebror.

Det seier voldingen Bjørnar Hoggen. Han er glad for at Hornindal er med på laget. Ikkje minst for å skape større pasientgrunnlag ved Volda sjukehus. Men at Hornindal skal vere med i det nye kommunenamnet, har han ikkje sansen for.

Det har heller ikkje gamlekarane ved stambordet på ein av kafeane i Volda sentrum.

– Det bør heite Volda. Namnet kling godt og er kjend. Det er mykje skuleungdom frå heile landet som vitjar kommunen, og ber med seg namnet vidare.

Trur du honndølene er nøgd med det da?

– Ja, det blir dei nøydd til å vere dersom dei vil vere i lag med oss.

Kvar er dette

HORNINDAL I DAG: Men kva blir det nye namnet når kommunen slår seg saman med Volda?

Honndølene godtek ikkje Volda

På Grodås i Hornindal har dei derimot ikkje sans for at kommunen skal heite Volda.

– Litt skeptisk, fortel Anne Elin Ekornesvåg.

Kvifor det?

– Det bør bli eit meir nøytralt namn som kan dekke begge kommunane.

Kva med Volda og Hornindal-kommune da?

– Nei, det blir for tungvint. Kva med Kviven, kanskje? På grunn av Kvivsvegen, seier Ekornesvåg.

Taust frå politikarane

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Hornindal ferierer for tida i heimbygda. Han er ikkje så oppteke av namnet på den nye kommunen.

– Eg trur kommunepolitikarane i Hornindal og Volda skal klare å finne eit fint namn på kommunen. Eg har ikkje så sterke meiningar om kva namnet skal vere. Eg trur Volda og Hornindal er to namn dei kan spinne på.

Bjørn Lødemel

TRUR EIN FIN EIT GODT NAMN: Stortingspolitikar frå Hornindal, Bjørn Lødemel.

Foto: Bård Siem / NRK

Lødemel har trua på at man i fellesskap skal finne eit namn som passar alle.

– Eg tykkjer arbeidet som har vore gjort i kommunestyret både i Volda og Hornindal har vore bra, og trur samarbeidet vil resultere i eit godt namn.

– Stadnamn det viktigaste

Tilbake i Volda gler ordførar Jørgen Amdam seg til Volda og Hornindal skal smeltast saman til ein ny kommune.

– Det som skjer er at vi får midlar frå fylkeskommunen til å tilsette prosjektleiing. Vi kjem til å danne ein prosjektorganisasjon med ei styringsgruppe samansett frå like mange representantar frå begge kommunar

– Eg trur voldingane sa nei til Ørsta fordi ørstingane var så negative. Med Hornindal har vi mange vinn-vinn situasjonar. Grunna kommunikasjonsendringane er dette samfunn som blir meir integrerte.

For Amdan er ikkje namnet på kommunen det viktigaste, men seier det er stadnamna som er det vesentlege.

Men om du får bestemme, kva for namn vel du da?

– Eg trur ikkje eg vil uttale meg på noverande tidspunkt, ler Amdal.