Hopp til innhold

Mot siste val for Selje?

SELJE (NRK): Politikarane i Selje trur det går mot siste val som sjølvstendig kommune.

Selje i Sogn og Fjordane

LOKALVAL: Selje kan ha sitt siste kommuneval, om regjeringa får det som den vil.

Foto: Stig Silden

Vallogo

Det er ein av desse siste sommardagane i Selje. Sjøen ligg blankstill på vågen, og rett ved ligg den langstrakte og kvite Seljesanden.

Rundt kaféborda på ein terrasse på Nabben i sentrum går praten lett. Det er ikkje lenge til valet.

– Her bør kome meir folk, det er det viktigaste. Dessutan bør vi få fleire arbeidsplassar, seier to pensjonistar.

Selje

VAKKERT: Seljesanden er ei av dei flottaste strendene i fylket.

Foto: Hildegunn Lunde

– Vi bør selje kraftaksjane før vi slår oss saman med nokon, og så kan ikkje vi i framtida ta oss råd til å halde oss med to ungdomsskular, når vi ikkje har elevar, seier den tidlegare Fjordenes Tidende journalisten Odd Drabløs.

Fire viktige år

Dei neste fire åra kan bli svært viktige. Skipstunnelen skal førast til hamn, og det er uvisst kven kommunen skal slå seg saman med.

For kanskje blir det siste gongen folk røyster på eit eige kommunestyre for Selje.

I Årvika lengst ute på Stadlandet, bur Marita Aarvik frå Frp. Ho meiner dette truleg er siste valet.

– Ja, eg trur vel eigentleg det. I løpet av dei neste fire åra vil nok reforma vere såpass klar at eg trur det ikkje blir valt eit nytt kommunestyre for Selje.

Frp hallar mot Vanylven

Men kor Selje skal gå er det ulike meiningar om. Aarvik hallar mot Sunnmøre.

Marita Aarvik

TRUR PÅ REFORM: Marita Aarvik er ordførarkandidat for Selje Frp.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Mot Vanylven, og kanskje endå lenger nord.

Det tek over ein time å køyre frå dei yttarste grendene på Stad til lengst sør i kommunen til Flatraket, der folk orienterer seg mot Vågsøy. Det er inga sjølvfølge at kommunen greier å stå samla.

– Eg veit ikkje om det er største problemet, om kommunen blir delt, ein må finne ut kva som er best for folket. Men eg ser ikkje problemet i at Vågsøy ikkje kan vere med nordover.

KrF vil ha folkeavrøysting

Seks mil langs dårlege vegar lenger sør, på Flatraket mot grensa til Vågsøy, bur KrF sin fyrstekandidat Stein Robert Osdal.

Stein Robert Osdal

FOLKEAVRØYSTING: Folket skal få seie sitt, meiner KrF.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Også han trur det er siste val i Selje.

– I kommunestyret er det ynskje om å sjå seg nordover, men også sjå mot Vågsøy, Eid, og kanskje Bremanger. Så må folk i Selje få seie sitt, men vi i KrF er i utgangspunktet positive til kommunereforma.

Sp vil ha Vanylven eller ingenting

Fyrstekandidat Gunn Sande frå Senterpartiet seier til og med at kommunesamanslåing er heilt uaktuelt for Selje utan at Vanylven er med.

Gunn Sande

VANYLVEN ELLER INGENTING: Gunn Sande frå Sp meiner Vanylven må vere med, om Selje skal vere med.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Rett og slett. Det er ein naturleg kommune for Selje å slå seg saman med, om ein skal slå seg saman med nokon i det heile tatt. Ynskjemålet er jo at Vanylven skal bli med over til Sogn og Fjordane.

Sande er den einaste av dei tre som også er klar på at Selje skal kunne halde fram som eiga kommune, om ein vil det.

– Eg trur at heile kommunesamanslåingsgreia er mykje basert på ynskjetenking, heile reforma er i ferd med å bli vatna ut litt, seier Sande.

Også på gata engasjerer temaet folk.

– Om vi skal slåast saman så blir det heile Nordfjord, pluss Vanylven med kommunesenter på Nordfjordeid, seier Odd Drabløs frå kafébordet i Selje.

– Hundre fleire vart hundre mindre

Selje har tapt 200 innbyggarar dei siste ti åra, også kommuneøkonomien har vore elendig. Hestekuren har vore nedlegging av legekontor, skule og barnehage og eigedomsskatt er no innført.

Den fallande trenden plagar politikarane, mellom anna Stein Robert Osdal frå KrF.

– Det blir ein av dei viktigaste sakene i den perioden her å få snudd trenden. Både politikarar, næringsliv og frivillige organisasjonar må trekke lasset i lag. Vi treng å vere attraktive å busetje og etablere oss i.

Marita Aarvik frå Frp vil ha fleire bedrifter for å snu skuta.

– Vi hadde eit utspel frå kommuneadministrasjonen tidlegare som heitte «hundre nye», det har vel heller blitt hundre færre innbyggarar.

– Vi har masse areal som kan nyttast til næring, og med skipstunnelen rett rundt hjørnet skulle vel det vere moglegheiter for mange ulike næringar, seier Aarvik.

Skipstunnelen kan gi vekst

Og kanskje er det nettopp Stad skipstunnel som kan vere starten på ei ny tid. Arbeidet med tunnelen har gått på skinner dei siste åra. Dagens avtroppande ordførar Ottar Nygård frå Samlingslista har stått i spissen og reist på tallause turar til Oslo.

Vegen mellom Årsheim og Leikanger

STORE AVSTANDAR: Vegen på nordsida av Stadlandet er smal og uoversiktleg. Frå Flatraket til Årvik er det over 60 km å køyre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Gunn Sande frå Senterpartiet har trua.

– Eg tenker vel at det kan bety alfa og omega nesten, seier ho.

– Det kan gi oss grunnlag for å klare oss økonomisk, og kanskje som eiga kommune.